– Først og fremst er det fantastisk kult. Ho gjer det eg har drøymt om heile livet – spele for Barcelona og spele VM, seier 24-åringen om barndomsvenninna.
Dæhli og Graham Hansen er like gamle, vaks opp saman i Oslo og har spelt fotball saman heile livet.
Han spelar i dag for den tyske klubben FC St. Pauli. Ho har akkurat signert proffkontrakt for Barcelona. I tillegg er ho stjernespelaren i Norge sin VM-tropp i Frankrike i juni.
– Det er utruleg morosamt at ho får synt til alle små jenter som vil byrje med fotball at det er mogeleg å lykkast stort når du er ifrå Norge.
Vanskeleg å ta i mot skryt
Og han har fleire lovord om si gode venninne, som han skildrar som eit veldig godt menneske.
– Ho har jobba hard for å nå måla sine. Ho var alltid med oss gutane og spelte fotball. Ho var fantastisk då og er det no.
Ord den norske landslagsstjerna synst det er kjekt å høyre frå barndomskompisen.
– Eg synst det er vanskeleg å ta i mot skryt, men det er hyggeleg når Mats står og seier det. Vi har vakse opp saman og følt kvarandre heile tida, seier Caroline Graham Hansen.
NRK møtte dei under eit arrangement i Oslo i samband med VM i fotball for kvinner.
Stor støtte
Men sjølv om dei to har stor suksess på kvar sin kant i dag, så har dei også opplevd tøffe tider. Dei har vore ute med skade i nesten to år båe to og måtte ta pause frå fotballen i ung alder.
– Vi har opplevd mykje drit saman. Vi har vore ei støtte for kvarandre og han er ein god ven, seier den nysignerte Barcelona-proffen.
Og sjølv om det norske herrelandslaget ikkje har spelt meisterskap sidan EM i 2000 og Mads gjerne skulle spelt på herrelaget til Barcelona, så går ikkje det ut over vennskapet.
– Eg føler absolutt han ikkje heng etter. Eg veit kor god han er og blir frustrert over at folk ikkje ser kor bra han gjere det, kjem det kontant frå Graham Hansen.
Når VM startar i juni kjem ho også til å søke støtte hjå Dæhli.
– Eg kjem til å sende meldingar. Stort sett om korleis det går. Men når man er vener så er det fine at vi kan snakke om heilt andre ting også.
– Vi heier på dei, svarer Dæhli om Norge sine mogelegheiter til det kommande VM i Frankrike.