– Eg hadde jo veldig god tid, seier hopp-esset Granerud med sitt vante lure smil.
NRK møter 24-åringen i Holmenkollen i Oslo. Verdscupkula, som var sesongens store mål er henta heim og plassert på guterommet heime i Asker.
Han har for lengst skreve seg inn i historiebøkene.
11 verdscupsigrar gjer han til den mestvinnande herrehopparen i Norge saman med Roar Ljøkelsøy.
Men det likevel noko som skurrar. Skihopparen frå Asker er ikkje nøgd.
For storfavoritten svikta då det gjaldt så mest denne vinteren.
– Positivt at det var litt stong ut
Det starta med skiflyging-VM i Planica like før jul i fjor. I finaleomgangen fekk han til eit svev på 243 meter, men nedslaget sat ikkje - og VM-gullet glapp med eit halvt poeng på tyske Karl Geiger.
Heller ikkje i Hoppveka fekk han det til å stemme, og han enda til slutt på den sure fjerdeplassen samanlagt.
Og så kom VM i tyske Oberstdorf. I normalbakken var det nok ein gong den sure fjerdeplassen.
Så small bomba. To dagar før VM-konkurransen i storbakken kom sjokkbeskjeden om at Norges største favoritt hadde fått påvist korona.
– Om det irriterer meg, motiverer meg eller er ein kombinasjon, det veit eg ikkje. Men inn mot neste sesong er det nok ein positiv ting at det var litt stong ut når det gjaldt litt ekstra, seier Granerud i dag.
– Eg skulle gjerne gjort det betre i Hoppveka. Det var mykje som ikkje gjekk i dei viktigaste renna der, så det er mykje motivasjon å hente der.
Ser fram mot OL
For det er nettopp motivasjon han har tenkt å bruke det til. Ein av Granerud sine viktigaste eigenskapar er nemleg å ikkje grave seg ned.
Og det er det som tek oss tilbake til VM-byen Oberstdorf. Då alle andre hadde reist heim, sat verdas beste skihoppar i isolasjon i ei lånt leilegheit. Det var her han sette seg ned og la ein plan for neste år sesong.
– Då eg sat der heilt aleine byrja eg å tenke litt. Og eg kom ganske raskt over i den prosessen at det som har vore må eg legge bak meg og sjå framover igjen.
Og konklusjonen var det lite diskusjon om.
– Eg har lyst til å bli betre. Det skal jo litt til, men eg har eit mål om få til ein betre sesong enn i år.
Og det er særleg meisterskapa Granerud tenker på. I tillegg til Hoppveka og RawAir står nemleg skiflygings VM på heimebane i Vikersund og OL på programmet.
– Eg har lyst til å bite får meg meir enn berre i verdscupen neste år.
Oppskrifta er den same som har gjort han til verdas beste skihoppar. Målretta jobbing med trening, terping på detaljar og tydlege oppgåver. Og ikkje minste halde oppe trykket.
Norge har nemleg ingen god statistikk over hopparar som presterer år etter år i toppen.
– At eg går inn i sesongen med ein veldig bevisstheit om at berre du har vore god, så blir du ikkje god neste år også. Jobben må gjerast like bra ein gang til. Det er jo frykteleg små marginar og det er ting som må klaffe, men eg har trua på at eg skal få det til å klaffe meir enn berre ein gang.
Og snart er ferien over. I mai startar oppkøyringa til ein ny sesong i Trondheim. Målet er sett. Neste år vil han ikkje berre stå øvst på pallen når sesongen er over.
Han vil også stå der når det gjeld så mest.