Hopp til innhold

Curlingekteparets kranglemedisin: – Vi sit i lotusstilling og ser kvarandre inn i auga

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten er dei fyrste norske utøvarane som skal i aksjon i OL. Deira veg til leikane har innehalde mykje spesielt. Stikkord: lotusstilling, spesielle lyder og sklimatte.

2018 Winter Olympics, Day 4, Curling, OAR - Norway, Bronze Medal Game

FYRST UT: Curlingekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten er dei fyrste norske som skal i aksjon under leikane i Beijing.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN NORWAY

På hotellrommet i OL-landsbyen gjer curlingekteparet Nedregotten og Skaslien dei siste OL-førebuingane før leikane startar. Dei har vore i Beijing i snart ei veke.

På rommet har dei fått testa utstyret før sin fyrste kamp mot Tsjekkia onsdag.

Magnus Nedregotten trenar på hotellrommet i OL-landsbyen i Beijing.

TRENING PÅ ROMMET: Nedregotten og Skaslien får ikkje teste isen i curlinghallen før på kampdag. Sidan dei kom til Beijing 28. januar har dei difor trena på ei sklimatte på hotellrommet i OL-landsbyen.

Foto: Privat

Dei to vart godt kjent da dei kapra bronsemedaljen i førre OL. Men du hugsar dei kanskje best for den høglydte kranglinga på isen. TV-sjåarane vart servert kjefting, banning og skarpe diskusjonar som fekk norske sjåarar til å skvette framfor fjernsynet.

– Eg skjønar jo at det er interessant kva ein mann og kone seier til kvarandre ute på isen. Vi har jo mikrofon, seier Magnus Nedregotten til NRK.

Mentaltrenarhjelp

Men det er nettopp kranglinga deira som har fått dei til å oppsøkje hjelp.

Nedregotten og Skaslien i semifinale.

DISKUSJON: Nedregotten og Skaslien i full diskusjon under OL i Pyeongchang i 2018.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Viss det byrjar å gå litt dårleg og vi ikkje greier å snu trenden så er vi våre verste fiendar, seier Kristin Skaslien.

Skaslien fortel at dei saman med mentaltrenaren har lagt ein plan for korleis dei skal snu denne trenden før det går for langt.

– Rett før OL i 2018 starta vi å gå til mentaltrenar hjå Olympiatoppen, Anders Meland. Han har gjeve oss teknikkar for å øve på å halde fokus uansett kva som blir sagt, seier Nedregotten.

– Det er no vi byrjar å merke effekten av det.

Mindfulness

Curlingekteparet, som dei likar å kalle seg, har gått nøyaktig til verks for å finne ut kva som har vore problemet.

For det er ikkje sjølve kranglinga med banning, kjefting og diskusjonar som er utfordringa for Nedregotten og Skaslien. Det er meir innvikla.

– Viss Kristin for eksempel kjem bort til meg etter at eg har sett ein stein, og byrjar å prate i eit irritert toneleie om at vi burde gjort slik og slik i staden for det vi faktisk gjorde.

– Da kan eg miste fokus. seier Magnus Nedregotten.

Difor har dei trent spesifikt på slike situasjonar ved hjelp av mindfulness. Eller meditasjon om du vil.

Nedregotten fortel at han ofte sit med headset med lydar og stemmer som skal få han til å fokusere.

Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten kallar seg for Curlingekteparet på Instagram.

CURLINGEKTEPARET: På Instagram kallar dei to seg for curlingekteparet.

Foto: Skjermdump frå Instagram

– Og så spelte vi inn noko som Kristin hadde sagt som sette meg ut av fokus. Og da hadde eg ei lydfil der det plutseleg dukka opp.

– Da er det min jobb å kome attende i fokus, seier Nedregotten.

Ein gong i veka trenar dei også saman på å halde fokus.

– Da sit vi i lotusstilling og ser kvarandre inn i auga for å halde fokus lengst mogleg.

– Kor lenge sit dykk slik?

– Alt frå fem til 20 minutt, seier Kristin Skaslien.

Magnus Nedregotten er heilt klar på at dette har gjort han til ein betre curlingspelar og lagkamerat.

– Eg har trengt ein del fleire mentale verktøy å spele på under kamp. Så dette har absolutt hatt veldig mykje å seie for meg, seier han.

De ble kjent for åpenlys krangling og banning på isen under OL i 2018. Det har de tenkt å fortsette med.

Dei vart kjende for krangling og banning på isen under OL i 2018. Det har dei tenkt til å fortsette med.

Medaljefavorittar

Denne sesongen har dei vunne to turneringar. Fyrst i Bern i Sveits i starten av oktober, og seinast i Göteborg i romjula. På verdsrankinga ligg dei no på 3.-plass.

Kristin Skaslien and Magnus Nedregotten

MEDALJEFAVORITTAR: I OL i Pyeongchang i 2018 tok dei bronsemedalje. I Beijing er dei blant favorittane til å ta ei ny medalje.

Foto: Jorge Silva / Reuters

– Dei er ranka som eitt av dei beste laga i verda, så eg trur at alt anna enn medalje no er veldig skuffande, seier NRKs curlingekspert Pia Trulsen.

– Det prøver vi å ikkje tenkje så mykje på, seier Kristin Skaslien.

Dei har heller ingen planar om å slutte med det som gjorde dei godt kjende i førre OL: kranglinga. Dei skal berre unngå feil type krangling.

Nedregotten og Skaslien skal i aksjon på isen i Beijing allereie 2. februar klokka 13:05. Da spelar dei mot Tsjekkia.

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal