NRK Meny
Normal

Viking-flause: – Sjølv Stevie Wonder såg at vi skulle hatt straffe

Vesle Egersund har bare ein siger i årets 2. divisjon, men var meir enn gode nok til å slå Viking, som refsa dommaren etter kampen.

Egersund med 3-1 seier over Viking

CUPFLAUSE: Sjå Egersund valse over Viking i cupen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg må beklage til fansen. Eg er veldig skuffa, seier Viking-trenar Ian Burchnall.

Viking er ikkje bare klart sist i eliteserien. Rogalands største lag er no også ute av cupen etter tap for Egersund.

2.-divisjonslaget hadde føringa gjennom kampen, og dei gulkledde vertane kunne scora både fire og fem gangar.

Dette er laget som ikkje har for vane å score meir enn eitt mål per kamp i serien denne sesongen. Egersund bare vunne ein av seks kampar i årets 2. divisjon.

Burchnall: – Spissen er god nok for Viking, men vi har ikkje pengar

På 2-1 var Egersund-spissen Bubacarr Sumareh nær ved å punktere kampen med ei praktfull avslutning i tverrliggar.

Sumareh skapte stor frustrasjon i Viking-forsvaret frå start. På ein overgang etter 18 minutt fekk 26-åringen frå Gambia ballen i bakrom, parkerte midtstopparane og sette inn 1-0.

– Dette er den beste dagen i karrieren for meg. Eg klarer ikkje å uttrykke kor stort dette er, seier Sumareh.

Kvarteret seinare kom Egersunds svært aktive spiss i ein nesten identisk situasjon som før 1-0-målet. Sumareh mottok ballen på eigen halvdel, og kunne sprinte mot Viking-målet.

Men denne gangen blei han lagt i bakken av Usmani Sale, som fekk raudt kort.

Viking-trenar Ian Burchnall meiner Sumareh er god nok for eliteserien.

– Hadde han vore Viking-spelar hadde han starta mot Strømsgodset i neste eliteseriekamp, men vi har ikkje pengar i Viking, så vi kan ikkje signere spelarar som det, seier Burchnall.

Hardt ut mot dommaren

Den pressa trenaren meiner også at dommaren burde blåst straffe då ein Viking-spelar blei lagt i bakken i Egersund-feltet i første omgang.

Dommaren vinka spelet vidare, og fekk det til å koke for Burchnall.

– Det var ei hundre prosent klar straffe. Hundre prosent. Til og med Stevie Wonder såg at vi skulle hatt straffe. Når vi speler mot lag på lågare nivå får vi også dommarar på eit lågare nivå, men til sjuande og sist er det vår prestasjon som fører til tap i dag, seier Burchnall.

– Skal du fortsette som Viking-trenar?

– Det er ikkje opp til meg. Det spørsmålet må du rette til dei som tilsette meg, seier Burchnall.

Eliteserien fotball 2017: Viking - Aalesund.

SKUFFA: Viking-trenar Ian Burchnall.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Tar spelarane i forsvar

Mathias Bringsaker utlikna for Viking i andre omgang, men Egersund lot seg ikkje skremme av det.

Det gulkledde heimelaget hamra inn både 2-1 og 3-1, og kunne juble for tidenes første triumf over Viking i cupen.

For det tapande eliteserielaget vil nedturen ingen ende ta.

– Dette har ingenting med spelarane sin motivasjon å gjøre. Det handlar om kvalitet, det handlar om å kunne levere over tid. Vi har prestert bra i fire-fem kampar, men vi må bli meir stabile i prestasjonane. Dét klarer vi ikkje no, sa Viking-trener Burchnall

Siste nytt

  • Skarpnord falt av i Australia

    Marianne Skarpnord trengte 78 slag på lørdagens runde på europatouren golf i Bonville i Australia og falt til 40.-plass.

    Skarpnord var på 12.-plass etter runder på 73 og 70 slag de to første dagene, men fikk problemer og er beste norske etter at Tonje Daffinrud spilte seg opp med en 72-runde.

    skarp
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Sverige tapte curlingfinalen

    USA slo Sverige 10-7 i curlingfinalen for menn. I sju omganger var det helt jevnt, og det stod 5-5 før omgang 8. Der vant USA hele 5-0, og da Sverige bare maktet to poeng i niende omgang, gav de opp.

    USA åpnet turneringen med fire tap på de seks første kampene, inkludert 4-10 mot finalemotstander Sverige.

    Niklas Edin
    Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters
  • Bergrem falt fra OL-medalje

    Torgeir Bergrem (26) var best av alle i finalen i snøbrett Big Air i sitt første run, men etter fall i både sitt andre- og tredje run, ble det ingen topplassering for mannen fra Harstad. Sebastian Toutant fra Canada vant OL-gullet.

    Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Big Air menn.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL i Pyeongchang: Skøyter fellesstart
OL i Pyeongchang
OL-magasin
4-4-2 med Schau og Aune
Høydepunkter fra dagen
4-4-2 med Schau og Aune
Henrik Kristoffersen - fra Marikollen til Pyeongchang
OL-magasin