NRK Meny
Normal

Cupfinalehelten har kjempa seg til startplass

Fjorårets cupfinalehelt gjekk til Molde med mål om å kjempe seg inn på keeperplass. Allereie i sjuande serierunde var Ørjan Håskjold Nyland i startellevaren. Men han vil ikkje omtale seg sjølv som førsteval for fjorårets seriemeister.

Skadd Bugge, Nyland/Söderberg

Molde sin rutinerte keeper Espen Bugge Pettersen blei skadd i andre serierunde mot Lillestrøm. To unge keepearar i Ørjan Håskjold Nyland (oppe t.h.) og Ole Söderberg stod klare til å ta førstekeeperplassen. Söderberg stod seg gjennom fire Molde-tap frå start, før Nyland fekk sjansen mot Start.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Marita Bolle Andersen/Erik Hattrem/montasje / NTB Scanpix/NRK

Nyland

Ørjan Håskjold Nyland stod med nærmast overnaturlege evner då Hødd tok tidenes cupskrell mot Tromsø i november 2012.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Dårlege nyheiter for Molde, men då Espen Bugge Pettersen blei skadd i andre serierunde var det på éin måte gode nyheiter for to reservekeeperar.

Bugge Pettersen, som blei 33 år på fredag, måtte ut med ein hamstringskade mot Lillestrøm 2. april.

– Vi har to gode keeperar. Både Ole Söderberg og Ørjan (Håskjold Nyland, journ.anm.), så det er ingen problem for oss, sa keepertrenar Mark Dempsey dagen etter.

Svenske Söderberg (22) fekk tillit i resten av Lillestrøm-kampen. Det same fekk han i dei fire påfølgjande serierundane.

Skifte etter cupkamp

I NM har derimot Ørjan Håskjold Nyland vakta Molde-buret. Først mot Elnesvågen i første runde, før 22-åringen sin andre obligatoriske kamp gjekk mot Byåsen.

Etter 5-1-sigeren i Trøndelag fekk den tidlegare Hødd-keeperen fornya tillit, då Molde spelte bortekamp mot Start.

Der blei det årets andre poeng for fjorårets seriemeister med 1-1. I lokaloppgjeret mot Aalesund fekk Nyland endå ein gong tillit – i ein kamp som til slutt enda med 4-1 og årets første Molde-siger i serien.

– Kjekt å vite at han Ole Gunnar har trua

Ørjan Håskjold Nyland

Her er Nyland like etter Molde-debuten mot kinesiske Shanghai East Asia under Copa del Sol.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

På spørsmål om han no er etablert som førstekeeper er Nyland roleg.

– Det tenkjer eg ikkje så veldig mykje på. Eg har stått to kampar, og det er kjekt å vite at han Ole Gunnar og dei har trua på meg. Så det er berre å jobbe hardt vidare og køyre på, seier keeperen til NRK.

– Har du tatt førstekeeperplassen raskare enn trudd?

– Det kan du seie. Altså, eg gjekk til laget som har vunne gull to år på rad, og her er mange gode keeperar.

Førsteval?

For Nyland vil ikkje gi seg sjølv nokon stor merkelapp.

– Noko førsteval vil eg ikkje kalle meg enno. Eg har fått stå i to seriekampar og det er kjekt, slår 22-åringen fast.

Så langt har ikkje Molde tapt ein obligatorisk kamp med Nyland lengst bak.

No står det igjen å sjå om Söderberg igjen kan erobre keeperplassen og ikkje minst om Bugge Pettersen tek keeperplassen tilbake med éin gong han er skadefri.

I kveld ventar Sandnes Ulf borte for Molde, der det meste tydar på ny Nyland-kamp.

Kven trur og meiner du skal vere Molde sin førstekeeper resten av 2013-sesongen? Sei meininga di i kommentarfeltet under.

Siste nytt

  • Ruud utslått i Wimbledon-kvalik

    Casper Ruud er utslått av Wimbledon-turneringen i tennis. Franske Antoine Hoang ble for sterk i 1. kvalifiseringsrunde mandag. Kampen i London endte med Ruud-tap 4-6, 5-7, melder NTB.

    Casper Ruud
    Foto: Ole Andreas Bø / NRK
  • Johaugs trener inn på landslaget

    Therese Johaugs private trener, Pål Gunnar Mikkelsplass, blir en del av landslagstrenerteamet som en ressurs på video og teknikk. – Jeg tror det blir veldig bra. Det er en jeg kjenner godt og har et godt forhold til, sier Johaug til NTB.

    Pressetreff med Therese Johaug
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
  • Fikk medaljene tilbake

    Tidligere snøbrettkjører Andreas Ygre Wiig ble frastjålet medaljer tidligere i juni. Nå melder Oslo Politidistrikt på Facebook at medaljene har kommet til rette igjen. Politiet skriver at de «trolig ble egenhendig returnert av den angrede synderen».

    Mesternes mester, sesong 9
    Foto: Rubicon TV / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien: Odd - Brann
Fotball-VM: Iran - Portugal
FIFA Fotball-VM 2018: VM-studio
Fotball-VM: Spania - Marokko
FIFA Fotball-VM 2018: Spania - Marokko
FIFA Fotball-VM 2018: Iran - Portugal
FIFA Fotball-VM 2018 Iran - Portugal og Spania - Marokko og eliteserien Odd-Brann 2.omgang