Hopp til innhold

Cristiano Ronaldo starter for United

Cristiano Ronaldo ble benket til Manchester Uniteds serieåpning mot Brighton i Premier League, men til lørdagens kamp mot Brentford starter portugiseren.

Seriestarten gikk ikke helt som planlagt for verken Ronaldo eller Manchester United. Stjernespissen fikk en snau omgang mot Brighton, som overraskende slo de røde djevlene 2-1 i Erik ten Hags trenerdebut i Manchester.

Ronaldo var ikke på banen da Brighton gikk opp i 2-0-ledelse, men klarte ikke å hjelpe laget til å sikre poeng.

På bortebane i London lørdag håper ten Hag at Ronaldo kan lede laget til deres første poeng denne sesongen. Portugiseren var å finne i Manchester Uniteds startoppstilling. Scott McTominay har måttet vike plass. (NTB)

Premier League - Brentford v Manchester United
Foto: DAVID KLEIN / Reuters

Siste nytt

  • Betis-fansen laga bråk i Roma

    Det gjekk hardt for seg i Romas gater etter at heimelaget blei slått 2–1 av Real Betis i Europaligaen torsdag. Italienarane rasar mot oppførselen til spanjolane.

    – Søppel overalt, og til og med menn som brukte søylene som urinalar, skriv italienske Il Fatto Quotidiano, ifølge spanske AS.

    Det var rundt 5000 Betis-fans på torget Piazza del Popolo i den italienske hovudstaden torsdag kveld.

    Avisa La Repubblica omtaler torget som «eit teppe av søppel» fredag morgon og skriv at det var fleire av spanjolane som kasta tomme ølflasker på vindauga til ein bar i Trastevere-området.

    I ein video på Twitter kan ein sjå torget fult av søppel, og renovasjonsarbeidarar som ryddar opp etter torsdagens kaos.

    Real Betis-fans i Roma
    Foto: ALBERTO LINGRIA / Reuters
  • – Målbonus gir Haaland 10 mill. i veka

    Den ville scoringsforma til Erling Braut Haalands gjer at han ligg an til å tene over ti millionar kroner i veka i Manchester City, ifølgje Daily Mail.

    Den britiske storavisa hevdar å vite at Haaland har ei rekkje «vanlege» bonusar i kontrakten sin som gjer at jærbuen med prestasjonane han viser i dag, vil innkassere ei årsløn på svimlande 45 millionar pund (865.000 pund i veka).

    Det svarar til 536 millionar kroner etter dagens kurs, og gjer han truleg til den best betalte spelaren i Premier League.

    Haaland har skåra hat trick i tre heimekampar på rad i den engelske toppdivisjonen. I alt har han skåra 19 mål på 12 kampar for City, og nordmannen ber det heitaste namnet i fotballverda om dagen.

    I serien har det vorte 14 mål på 8 kampar. Om Haaland skulle klare å halde oppe målsnittet sitt gjennom heile sesongen, vil han ende på 67 Premier League-mål i 2022/23.

    Laurdag ventar heimekamp mot Southampton for City og den målhungrige jærbuen.

    Haaland
    Foto: Nick Potts / AP
  • Carl-Fredrik Bunæs er død

    Den tidlegare friidrettsutøvaren Carl-Fredrik Bunæs sovna stille inn torsdag kveld etter lengre tids sjukdom. Han blei 82 år gammal.

    Det opplyser sonen Per Christian Bunæs i ei melding til NTB.

    Bunæs var blant dei fremste sprintarane i Norden tidleg på 1960-talet. Som senior tok han 18 individuelle NM-gull (fem på 100 meter, ni på 200 meter og fire på 400 meter) frå 1957 til 1966.

    Han deltok i Roma-OL i 1960 og rauk ut i kvartfinalane på 100 og 200 meter.

    I sin aktive karriere gjekk han som regel under namnet «Bassen Bunæs». Han var spesielt kjend for sin solide innsats i landskampar..

    – Vi som hadde glede av å springe stafettar på for eksempel 4 x 400 meter kunne seie at det ikkje var så¨farleg kva vi gjorde, for Bassen ordna opp på siste etappe, skreiv hans klubbkamerat i Tjalve, Arne Kvalheim, på twitter då dødsfallet var kjent.

    Bunæs let etter seg seg to barn og fire barnebarn.

    Carl Fredrik Bunæs
    Foto: Knut Edvard Holm / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 64 klipp
Sport
Spiller nå
Kjønn og religion er ingen hindring 00:45
Neste