NRK Meny
Normal

Slik hyller Sri Lanka sine cricket-heltar

Sri Lankas cricketlandslag vart feira som gudar då dei kom heim etter å ha teke VM-gull søndag. Tusenvis fylte gatene i hovudstaden Colombo då verdsmeistrane landa tysdag.

Cricketlaget til Sri Lanka kom i dag hjem til full musikk og jubel.

Sjå verdsmeistrane bli hylla på heimebane

Crickethelter

Tusenvis helsa verdsmeistrane velkomne heim

Foto: Eranga Jayawardena / Ap

Trafikken stansa heilt opp i millionbyen etter at flyet hadde landa på Bandaranaike-flyplassen. Deretter vart laget køyrt rundt i byen i open buss i dei 30 kilometrane til presidentpalasset, under enorm jubel frå folkemassane.

Sigeren over favorittane India i finalen Twenty 20-VM var den første tittelen for det cricket-galne landet på 18 år. Sidan den gongen har dei tapt fire VM-finalar.

Video: Her blir Sri Lanka verdsmeister

Sri Lanka vant over India i cricket-VM (Twenty20).

– Eg er evig takknemleg for alle våre fans, sa "man of the match" i finalen Kumar Sangkkara då han takka for støtta. – Utan dei hadde det vore uråd å vinne VM, sa han etter sin aller siste Twenty20-landskamp.

Sri Lanka slo India med seks wickets i finalen i Dhaka i Bangladesh søndag.

crickethelter i buss

All anna trafikk stod stille medan bussen køyrde til presidentpalasset

Foto: LAKRUWAN WANNIARACHCHI / Afp
Malinga og Rajapakse

Lagkaptein Lasith Malinga får gullklem av Sri Lankas president Mahinda Rajapakse

Foto: Ishara S.KODIKARA / Afp
Malinga og Sangakkara

Dei største heltane: Kaptein Lasith Malinga (t.v.) med VM-pokalen og Kumar Sangakkara med pokalen for beste spelar i finalen

Foto: LAKRUWAN WANNIARACHCHI / Afp

Siste nytt

  • Panathinaikos utestengt

    Den greske klubben Panathinaikos er utestengd frå den neste europeiske turneringa dei kvalifiserer seg for dei tre neste sesongane, har UEFA bestemt.

    Årsaka er at dei ikkje har makta å få orden på økonomien, og har brote dei såkalla økonomisk fair play-reglane.

  • Sandnes Ulfs første poengtap

    Med 0-0 mot HamKam på Hamar tapte Sandnes Ulf sine første poeng i årets 1. divisjon, etter tre sigrar i sesongopninga.

    Sandnes-laget er dermed på tredjeplass, på målskilnaden bak Aalesund og Notodden. HanKam er framleis utan siger, men har tre uavgjorte.

  • Anklaget for å ha solgt laguttak

    Belgias tidligere landslagssjef Marc Wilmots anklager Chelsea-keeper Thibaut Courtois' far for å ha solgt lagoppstillinger til mediene under fotball-EM 2016.

    Overfor TV-kanalen BeIN Sports påstår Wilmots at Courtois lekket uttakene så snart de var gitt til spillerne.

    Marc Wilmots og Thibaut Courtois
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid