– Vi fekk oppgitt at ingen frå England skulle kome. Det viste seg å vere løgn. Derfor må dei ut, skriv brasilianske helsestyremakter i ei fråsegn.
Grunnen er at helsestyremaktene i Brasil meiner fire Premier League-baserter argentinske spelarar har brote karantenereglane ved innreise til landet.
Dei argentinske spelarane kom til Brasil fredag, etter at dei hadde spela kamp i Venezuela dagen før. Men Brasil krev 14 dagar karantene for personar som kjem frå England.
Dei nasjonale helsestyresmaktene bad derfor politiet om å gjere «det som var nødvendig» for å få dei fire spelarane sendt ut av landet. Derfor gjekk dei inn og braut av kampen.
Argentina-profilar i karantene
Det søramerikanske fotballforbundet CONMEBOL melder på twitter at kampen er suspendert inntil vidare. Dommarane og kampinspektøren skal sende sine rapportar til FIFAs disiplinærkomité, som skal kome fram til ein reaksjon.
Medan dei fire argentinske Premier League-spelarane er sett i karantene og ventar på å bli sende ut av landet, er dei brasilianske spelarane igjen på arenaen der dei køyrer ein internkamp på halve bana.
Samstundes gjer dei argentinske spelarane seg klare til å forlate arenaen.
Argentinske spelarar på veg til garderoben
Foto: Andre Penner / APSpelarane det er snakk om er Emiliano Martínez og Emiliano Buendia frå Aston Villa, og Cristian Romero og Giovani Lo Celso frå Tottenham.
Meldingane frå Sao Paulo går ut på at det var lange diskusjonar mellom spelarane og dommarane før spelarane gjekk i garderoben.
Mange stjerner uteblei
Den spanske sportsavisa Marca skriv at styremaktene har stoppa kampen for å deportere dei fire spelarane.
Allereie før kampen var Covid eit tema. Dei fleste klubbane i England nekta sine spelarar å reise på grunn av koronaen. Men nokre klubbar sleppte likevel spelarane til kampen.
KAOS: Kampen blei stoppa av politiet etter berre sju minutt
Foto: Amanda Perobelli / ReutersBrasils landslagssjef Tite har av den grunn ikkje teke ut stjerner som Allison Becker (Liverpool), Fred (Manchester United), Gabriel Jesus (Manchester City) til kampen.