NRK Meny
Normal

Costa med praktmål i siste minutt

Diego Costa redda tre poeng for Chelsea mot eit West Ham med Håvard Nordtveit frå start. Spanjolen skulle derimot blitt utvist lenge før han sette inn den avgjerande skåringa.

Diego Costa

FULL JUBEL: Diego Costa skåra i siste minutt, og kunne juble for tre poeng.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Håvard Nordtveit fekk sin Premier League-debut i London-derbyet mot Chelsea. Han blei med det den 64. nordmannen som får speletid i den øvste divisjonen i England.

Men han evna ikkje å sette preg på kampen, som blei dominert av eit «nytt» Chelsea, anført av Eden Hazard. Kampen vart derimot ikkje avgjort før Diego Costa sette inn 2–1 i det 89. minutt.

Chelsea best

Og det var Chelsea som førte kampen ifrå første spark. West Ham-forsvaret sleit med å handtere den belgiske lynvingen Eden Hazard, og i lag med Diego Costa skapte dei mykje framover for Chelsea.

Håvard Nordtveit får ein rufsete start på Premier League-karrieren. Han er lite involvert i opninga, og gjer mange småfeil.

FBL-ENG-PR-CHELSEA-WEST HAM

SLEIT: Håvard Nordtveit sleit med å halde tritt med Chelsea i kveldens kamp.

Foto: IAN KINGTON / Afp

Trass overtaket blir det ingen mål i førsteomgang.

Pangopning

Andreomgangen opnar med eit stort pang. Først kjem Costa gjennom, og får avslutta frå nært hald. West Ham-keeper Adrian får derimot ei hand på ballen, og reddar.

Rett etterpå kjem César Azpilicueta seg gjennom forsvaret, og blir felt av Michail Antonio. Dommar Anthony Taylor gir straffe, og veg med det opp for situasjonen i førsteomgang, der Oscar skulle hatt straffe.

Eden Hazard bankar ballen i nettaket frå 11-meter, og Chelsea er fortent i leiinga.

Utover omgangen er det ingen tvil om kven som er best. Chelsea held fram der dei slapp i førsteomgang, og rundspelar West Ham.

Nordtveit får ikkje særleg mykje utretta, og etter 67 minuttar må han vike for Dimitri Payet, som skal inn for å snu kampen.

Han rekk ikkje å sette noko preg på kampen før West Ham skårar. Målet måtte sjølvsagt komme på dødball, og det er midtstoppar James Collins som bankar inn utlikninga då det er 13 minuttar igjen av kampen.

Maestro Conte

SOCCER-ENGLAND-CHE-WHU/

JUBELSCENAR: Antonio Conte er kjent for sitt engasjement på sidelinja.

Foto: Eddie Keogh / Reuters

Men Chelsea hadde meir på lager. Eit minutt før slutt vinn debutant Batshuayi ein hovudduell, og ballen landar hos Costa. Han klinkar frå 20 meter, og setter den knallhardt i motsett hjørne.

Costa skulle derimot fått sitt andre gule lenge før målet, etter han var alt for sein i takling mot keeper Adrian. Det kortet fekk han derimot ikkje.

Dermed fekk den nye manageren Antonio Conte draumeopninga han hadde håpa på.

Italienaren har ikkje hatt lang ferie etter at han leia Italia i EM, men har allereie fått sette sitt preg på Chelsea-laget.

Og Chelsea viste takter som nesten var fråverande heile førre sesong, og særleg Eden Hazard gav signal om at han ikkje kjem til å få to dårlege sesongar på rad.

Siste nytt

  • Bendtner med RBK-hyllest

    Nicklas Bendtner har lagt ut et innlegg på sin Instagram-konto hvor han takker Rosenborg.

    – Jeg tror det er første gang i min karriere alt har gått slik jeg håpet, skriver han, blant annet.

    Laster Twitter-innhold
  • Tøff trekning for Solbakken

    Ståle Solbakkens FC København møter spanske Atlético Madrid i 16-delsfinalen i europaligaen over nyttår. Resten av lagene som møtes:

    Dortmund - Atalanta

    Nice - Lokomotiv Moskva

    Spartak Moskva - Athletic

    AEK - Dynamo Kyiv

    Celtic - Zenit

    Napoli - Lepzig

    Crvena Zvezda - CSKA Moskva

    Lyon - Villarreal

    Real Sociedad - Salzburg

    Partizan - Plzeň

    FCSB - Lazio

    Ludogorets - Milan

    Astana - Sporting CP

    Östersund - Arsenal

    Marseille - Braga

    Ståle Solbakken
    Foto: Anders Kjærbye / NTB scanpix
  • Northug tilbake i trening

    Petter Northug er tilbake i full trening, sier trener Stig Rune Kveen til VG. Han har hatt en liten pause i etterkant av Lillehammer-rennene, hvor han ble slått ut i prologen. Northug følte da at han ikke var helt i slag.

    – Nå har han havnet på «pluss-siden» igjen. Det var viktig at han satte på håndbrekket selv der og hentet seg inn, etter å ha vært litt for hissig på konkurranse etter sykdomsperioden for to uker siden, sier Kveen til VG.

    Verdenscup ski nordiske grener.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge
VM håndball kvinner: 1/8-finale Spania - Norge