Hopp til innhold

Coop-sjefen til NRK: Vil nekte Northug pokerspel

Administrerande direktør i Coop, Svein Fanebust, snakkar ut om samtalane med Petter Northug etter fyllekøyringsskandalen.

Svein Fanebust

Petter Northug og Svein Fanebust møtte kvarandre i Trondheim i dag.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Petter Northug veit at han har skuffa mange. Det er han klar over. Det vil han gjøre opp for, både i form av den straffen han vil ta juridisk og dei livsstilsendingane han må gjøre, seier Coop-sjef Svein Fanebust til NRK.no.

– Eg vil konstatere at han ikkje har oppnådd resultat. Det er nødvendig å gjøre endringar. Det er dette vi må forbedre saman.

Tidleg torsdag kunne NRK.no melde at Coop ønskar å halde fram sponsorsamarbeidet med Petter Northug.

No snakkar den administrerande direktøren ut om samtalane med Petter Northug etter fyllekøyringsskandalen.

– Eg har møtt ein svært motivert og svært revansjelysten Petter, som er veldig innstilt på å prestere og som fortsatt er veldig prega av hendinga som han både sjølv og vi tar sterk avstand frå.

– Toppidrett og pokerspel er uforeineleg

Petter Northug

Petter Northug må slutte med pokerspelinga om han vil halde fram sponsorsamarbeidet med Coop.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

I dag snakka Northug og Fanebust saman i fleire timar etter skistjernas formidagsøkt i Granåsen.

– Eg opplevde at vi hadde ein god samtale. Petter (Northug) signaliserte til meg at han ønskar å halde fram samarbeidet, fortel Fanebust.

I møtet kom mellom anna Northugs utagerande livsstil på bordet. Her er begge partar klare på at det må ei klar endring til for at Northug skal tilbake til toppen.

– Kva krav er det snakk om frå Coops side?

– Eg veit ikkje om det er riktig av meg å kommentere dette no ettersom vi sit i ein forhandling, men eg trur vi kan vere klinkande klar på at alkohol og toppidrett er uforeineleg, at toppidrett og pokerspel er uforeineleg, at ei toppidrettssatsing krev at ein har ein livsstil ei treningsmengd og disiplin som kan gi slike resultat.

Det betyr også at Northug må slutte med poker.

– Vi ønskar, og det blir nok eit krav frå vår side, at han sluttar med poker så lenge han har ein samarbeidsavtale med Coop, seier Fanebust.

– Uaktuelt å returnere til landslaget

Northug

Northug har ifølge Fanebust signalisert at det er uaktuelt å gå tilbake til landslaget.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Petter Northug skriv dette om dagens samtale i ein SMS til NRK.no:

«Eg er godt fornøgd med praten eg har hatt med Svein Fanebust i dag. Eg er takknemleg for den tilliten Coop viser meg og synst at dei rammene vi no har snakka om, gir godt grunnlag for mi vidare satsing».

Meir ønskar ikkje Northug å gå inn på, skriv manager Are Sørum Langås.

Fanebust fortel at Northugs motivasjon for å satse vidare som toppidrettsutøvar var hovudtemaet under møtet i Trondheim i dag, og korleis Northug og Coop skal samarbeide i framtida - om dei kjem til einigheit om ein avtale.

Desse alternativa blei diskutert:

  • At Northug går tilbake til landslaget
  • At Northug satsar utelukkande på langløp via Coop
  • At Northug signerer ein representasjonsavtale for å gå VM i Falun, og at Coop set sponsoratet på «pause»

– Eg ga uttrykk for at Petter står heilt fritt. Det er Petter som på sjølvstendig grunnlag skal velge det som tener han best, seier Fanebust.

Til Fanebust har Northug signalisert at det fortsatt er uaktuelt å kutte alt av private samarbeidsavtalar, og gå tilbake til landslaget.

– Kva vil Coop gjøre om Northug signerer representasjonsavtalen?

– Vi kjenner ikkje innhaldet i denne avtalen. Vi har lest litt frå avisene, men rekkefølgen er at Northug og hans advokat må sette seg inn i representasjonsavtalen. Så vil dei ta den opp med oss. Så må vi ta den til vurdering saman med Petter, seier Fanebust, og legg til:

– Det vi har sagt er at vi først og fremst ønskar å ta oss av mennesket Petter Northug. Så ønskar vi all fakta på bordet. Vi er tydelege på at vi har ein intensjon og ein ambisjon om å halde fram med Petter Northug, men det krev at ting blir godt tilrettelagt av begge partar.

– Vil støtte Petter uansett kva han vil gjøre

Svein Fanebust

Svein Fanebust fortel at det vil bli gjort endringar i sponsoravtalen med Petter Northug, men påpeiker at det er for tidleg å snakke om detaljar.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Er det aktuelt for Coop å pause eit sponsorat viss Northug signerer representasjonsavtalen?

Vi er budd på å stille opp for Petter i dei vala han gjør. Om Petter meiner at den eine løysinga er bedre enn den andre, så tilrettelegg vi det på ein klok måte som gjør at Petter får ta det optimale valet. Vi var innom alle desse hypotetiske alternativa. Petter er tydeleg på at han ønskar eit samarbeid med oss.

– Ønskar Northug å signere representasjonsavtalen?

– Det har vi ikkje diskutert tilstrekkeleg, men vi har snakka om at Petter må sette seg inn i denne. Eg har ikkje sett representasjonsavtalen, og er ikkje part i den prosessen. Den må eg få av Petter. Men etter at Petter og hans advokat har hatt eit møte med forbundet vil vi ha ein oppfølgingssamtale rundt dette temaet, seier Fanebust.

– Blir det i så tilfelle gjort endringar i Coop-avtalen om samarbeidet skal halde fram?

Det er naturleg, men vi er ikkje der at vi har starta kontraktsforhandlingar. Vi er i fase «to og ein halv», og etter kvart skal vi vurdere totaliteten. Rammevilkåra knytta til ein representasjonsavtale kjem inn i den totaliteten. I tillegg kjem den gjensidige forbedring og skjerping i samarbeidet som begge partar ønskar å ha for å lukkast.

Derfor vil Coop halde fram med Northug-samarbeidet

Kvifor ønskar Coop å halde fram samarbeidet med Petter Northug, sjølv om han har innrømma fyllekøyring?

Eg vil påpeike at vi har ein intensjon om å halde fram samarbeidet med Petter Northug. Det er viktig å tilgi. Menneske gjør feil på ulike stader.

– Petter har gjort ein meget alvorleg feil, som vi frå dag ein tok sterk avstand frå. Men vi kan alle få høve til å gjøre opp for oss. Det er eit element i den vurderinga vi gjør fram mot å ta ei endeleg avgjerd, seier Fanebust.

– Kor nær har Coop vore å droppe sponsorsamarbeidet med Northug?

– Det har heilt klart vore eit alternativ, som har vore grundig diskutert og det er eit alternativ som enno finst på skalaen fram til vi tar ei avgjerd. Men no er vi i den situasjonen at vi etter fleire konstruktive samtalar har eit ønske om å halde fram samarbeidet.

Nektar å kommentere Nye Høyder-tvisten

Kor står saka med Nye Høyder?

Det veit eg ikkje. Petter har ein dialog med sin advokat og det dei jobbar med og mot har eg ikkje kunnskap om. Den prosessen ønskar eg heller ikkje å stresse.

– Kvifor vil Coop at Petter Northug terminerer kontrakten med Nye Høyder?

– Det ønskar eg ikkje å kommentere så lenge det pågår ein formell diskusjon og ei saksbehandling mellom Petter, hans advokat og Nye Høyder.

– Northug fortel om søvnlause netter

– Kva har Petter fortalt deg om opplevingane i etterkant av fyllekøyringa?

– Eg snakka mykje med han om dette ei veke etter hendinga. Han er fortsatt prega, og har fortalt om søvnlause netter og anger. Han slit enno med ettervirkningane av den episoden med tanke på sitt eige ansvar og den feilen han har begått, seier Fanebust.

Veit de i Coop kva promille Northug hadde då han køyrte i fylla?

Ja.

Kor høg var den?

Morten Aa Djupvik

Også på det siste møtet med Fanebust torsdag bekrefta Petter Northug at Morten Aa Djupvik er hans førsteval som trenar i eit nytt Team Northug.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det vil eg ikkje opplyse om. Det er hans personlege informasjon. Den har eg spurt Petter om, og fått svar på. Northug er den som i så tilfelle må svare NRK på det spørsmålet.

Sikker på at Aa Djupvik og Northug kan bygge eit godt team

– Har nokon takka «ja» til å bli Petter Northugs trenar?

– Eg er kjent med at Petter Northug har hatt samtalar. Eitt namn har vore framme i media. Det er Morten Aa Djupvik. Eg veit at han er Petters førsteval. Det bekrefta han for meg i dag. Djupvik er løysinga vi går for om Petter bestemmer seg for det.

Sa Northug noko om kor stort Team Northug bør vere?

Nei. Dette med sportsleg team kan Petter mykje bedre enn meg. Det må vel til ein trenar, fysioterapeut, medisinsk ansvarleg og så vidare. Så langt som eg kan sjå er det behov for trenar på heiltid og dei andre er tenester som ein kjøper inn. Men dette aktar eg ikkje å legge meg bort i. Dette har eg svært begrensa kunnskap om.

– Men eg er heilt sikker på at for eksempel Morten Aa Djupvik med sin erfaring er i stand til å finne ei løysing saman med Petter. Han er erfaren nok til å velge eit team som dei meiner kan fungere best mogleg av hensyn til å oppnå best mogleg sportsleg resultat, avsluttar Fanebust til NRK.no.

Siste nytt

  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Zuccarello vil spille ishockey-VM for Norge

    Mats Zuccarello åpner for å spille årets ishockey-VM for Norge «om han blir tatt ut på laget».

    Minnesota Wild er ikke med i årets NHL-sluttspill. Derfor er kalenderen fri for landslagsoppdrag for nordmannen. Han har ikke spilt VM for Norge siden i Russland i 2016.

    – Det er lenge siden han har kunnet representere landslaget og har lyst til det nå, bekrefter Zuccarello-agent Kevin Skabo til nitten.no fredag ettermiddag.

    Zuccarello spilte og scoret da det ble tap for Seattle Kraken i sesongens siste kamp i grunnspillet for Minnesota Wild. De var aldri skikkelig med i kampen om en plass i sluttspillet.

    Under fredagens pressekonferanse kom han ifølge journalisten Michael Russo med følgende melding som Russo har lagt på X.

    – Han sa at han spiller for Norge i VM om han kommer med på laget, skriver Russo.

    (NTB)

    NHL: Minnesota Wild at Tampa Bay Lightning
    Foto: Kim Klement Neitzel / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal