– Eg er ein lidenskapeleg mann, men eg viser også alltid respekt for klubbane eg møter i kamp, seier Conte.
To dagar har gått sidan Chelsea knuste Manchester United 4-0 på Stamford Bridge. Kampen enda med at José Mourinho kritiserte Conte for å ha jubla vilt på 4-0 ved å konfrontere italienaren direkte.
– Du jublar ikkje slik når det står 4-0. Du kan gjøre det på 1-0, elles er det nedverdigande for oss, sa Mourinho ifølgje Sky Italia.
– Patetisk
Conte var openbart ikkje fornøgd med å bli konfrontert. På pressekonferansen før ligacup-møtet med West Ham er han klar og tydeleg på kva han forlangar som manager.
– Alle må vise respekt for meg, arbeidet eg gjør og jobben eg har. Oppførseleng eg viser på benken er normal. Eg viser alltid respekt for motstandaren, seier Conte.
I ettertid har Mourinho fått kritikk for å gå i strupen på Chelsea-manageren.
– Det blir bare patetisk. Han framstår bare sur og finn forklaringar alle andre stader enn hos seg sjølv, sa Eurosport-kommentator Kenneth Fredheim til NTB etter oppgjøret.
Spøkefull Conte
Conte virka ikkje langsint på pressetreffet tysdag. Manageren spøkte med journalistane, som spurte om den eksentriske trenaren hadde hadde stor nok boltringsplass i den tekniske sona, som er det avgrensa området managerane kan bevege seg innanfor.
– Eg har det vanskeleg fordi eg bare har to meter å bevege meg på. Eg må spør klubben om dei kan flytte på området eg har lov til å bevege meg i, seier Conte.
I britiske medier er det Manchester United som no blir nedverdiga. Etter stortapet har kritikken vore nådelaus.
I Manchester Evening News får spelarane totalslakt, og Zlatan Ibrahimovic spesielt. I fem Premier League-kampar har han kasta vekk sjansar.
Det kostar United poeng og gjør at hans plass kan vere i fare, skriv avisa om svensken som no har gått mållaus i nettopp fem strake seriekampar.
Fare for ny nedtur
Onsdag er både United og Chelsea i aksjon i ligacupen. For Manchester United er det stor fare for å gå på ein ny smell når ligaleiar Manchester City står på motsett banehalvdel.
Chelsea har på papiret noko enklare motstand i West Ham, som ligg på 15. plass i Premier League.