Ein av forhåndsfavorittane til å vinne den gule trøya i årets Tour de France, Alberto Contador braut på den niende etappen.
Han har slite med den høgre skuldra etter ein stygg velt på den første og andre etappen, og har i tillegg til det fått feber. Etter 84 kilometer av dagens etappe vart det nok for Tinkoff Saxo-ryttaren, og han satte seg i lagbilen for resten av etappen.
Følg dagens etappe her:
Vinka farvel
Det var ein tydeleg skuffa Contador som reiste seg av sykkelen, smilte til TV-kamera, og vinka farvel til årets Tour.
– Han har nok følt seg myke dårligare enn kva det har sett ut som. Det må ha vore nokon vonde dager for han. Det at han setter seg i bilen, det sitter nok langt inne. Det seier NRKs sykkelekspert Øystein Stake Laengen
Det betyr at høgst sannsynleg at Roman Kreuziger tek over kapteinsrolla i Tinkoff-laget. Laengen meiner at det er eit stort tap for konkurransen.
– Det er eit tap for konkurransen. Han er ein av de store kanonene, og ein av dei som kan slå Chris Froome, så det er veldig synd sånn sett.
Starta bra
Sjølv om Contador hadde feber i morgontimane, opna han offensivt på dagens etappe. I lag med Alejandro Valverde frå Movistar prøvde han å rykke frå hovudfeltet og opp til utbrytargruppa, men måtte etter kvart gje seg.
Etter at han blei teken inn av hovudfeltet var han ofte nede til følgebilen for å diskutere med sportsdirektøren. Contador stod også av Touren i 2014, då på den tiende etappen.
Det har ikkje gått heilt Contadors veg denne Touren, før dagens etappe låg han på 20. plass i samandraget, 3 minuttar og 12 sekund bak leiande Chris Froome