NRK følgde kampen minutt for minutt.
– For ein kamp vi har fått, slo TV 2 sine kommentatorar fast under oppgjeret mellom Manchester City og Real Madrid.
Heile sju gonger gjekk ballen i nettet, fire mål til Manchester City, tre til Real Madrid – i ein kamp der to av verdas beste klubblag verkeleg fekk vist seg fram.
13 gonger CL-vinnar Real Madrid kom raskt bakpå i kampen, men kjempa seg tilbake gong etter gong.
Men draumen om Manchester City sin første Meisterliga-triumf lever i beste velgåande etter kampen Real Madrid.
– For fansen så var det ein flott kamp med mange mål. Men om du gir vekk ballen mot eit lag som har vunne Meisterligaen fleire gonger, straffar dei oss, sa målskårar og City-stjerne Phil Foden til BT Sport etter kampen.
Svøpt i eit kurdisk flagg sprang denne mannen inn på bana i sluttminuttet og gav Kevin De Bruyne noko å bryne seg på.
Foto: JASON CAIRNDUFF / ReutersHistorisk raskt
Kevin De Bruyne opna med eit smell etter berre 93 sekund ut i den første omgangen, og eit lyseblått folkehav på Etihad stadion slapp jubelen laust.
Det raskaste målet i ein semifinale i Meisterligaen nokon gong.
Utover kampen bølga spelet fram og tilbake, og kvar gong City-stjernene sette ballen i mål opna det seg opp moglegheiter for Real.
City-spelar Bernardo Silva skåra 4-2-målet etter 74. minutt, men straks etter fekk Real straffe.
– Vi klarte ikkje å utnytte tomålsforskjellen, som vi hadde tre gonger. Men fansen burde vere stolte av oss, sa Silva etter kampen.
Historisk kamp
Sidan Josep «Pep» Guardiola overtok som manager for Manchester City har han drøymt om Meisterliga-tittel for britane.
Han sørga for at Barcelona kunne løfte det gjeve trofeet i 2009 og 2011. Men kva av laga som kjem til finalen i år, blir først avgjort 5. mai i Madrid.
Trass tapet, har Real Madrid og manager Carlo Ancelotti eit svært godt utgangspunkt før kampen på Santiago Bernabéu.
Dette var berre den andre semifinalekampen i Meisterligaen nokonsinne der begge lag skåra tre eller fleie mål, etter Dynamo Kyiv 3-3 Bayern München i april 1999.
I morgon klokka 21 møter Liverpool Villareal til den første av to semifinalar.
JESUS LEVERTE: Gabriel Jesus etter sitt mål i kampen mot Real Madrid.
Foto: CRAIG BROUGH / Reuters