Hopp til innhold

Vesle Cibulkova (161 cm) kan vinna Australian Open

Berre tre spelarar i topp 100 er kortare enn Dominika Cibulkova. Den slovakiske jenta kan overraskande ta sin fyrste Grand Slam-tittel.

Dominika Cibulkova

Dominika Cibulkova (t.v.) er berre 161 cm, men har overraskande spela seg fram til finale i Australian Open. Her frå 4. rundekampen mot Maria Sjarapova.

Foto: Aaron Favila / Ap

– Det er absolutt uvanleg, seier NRK sin tennisekspert Jan Frode Andersen om høgda til den slovakiske tennisstjerna.

Til samanlikning er Maria Sjarapova 188 cm, Victoria Azarenka 183 cm og Serena Williams 175 cm.

20. seeda Cibulkova har overraskande spela seg fram til sin fyrste Grand Slam-finale.

– Ho har spela heilt utruleg og har si livs turnering. Ho har nesten ikkje tapt game og berre eitt sett, seier Andersen.

Trass ei tøff trekning, har 24-åringen hatt det lett og nærast blåst samtlege motstandarar av bana. I fjerde runde sende ho verdstrear Maria Sjarapova heim.

Ingen under 161 cm har vunne Slam

Dominika Cibulkova

Dominika Cibulkova jublar etter sigeren mot Agnieszka Radwanska i semifinalen i Australian Open. Femteranka Radwanska vart slått enkelt 6–1, 6–2.

Foto: SAEED KHAN / Afp

Cibulkova er av dei sjeldne utgåvene i kvinnetennisen. I fylgje CNN er det berre tre spelarar i topp 100 som er kortare enn den slovakiske jenta.

I Open-æraen (frå 1968), har det berre vore to spelarar med same høgde som Cibulkova som har gått til topps i Grand Slam. Det var Nancy Richey og Mima Jausovec som vann French Open i høvesvis 1968 og 1977.

Dei to italienske spelarane, Sara Errani (nr. 7) og Roberta Vinci (nr. 12), er heller ikkje av dei høgaste i sporten med sine respektive mål på 164 og 163 centimeter.

Cibulkova er den fyrste slovakar til å koma til ein Slam-finale. Ho er god veninne med Marion Bartoli som vann Wimbledon i fjor, og tek inspirasjon frå den franske tennisspelaren som overraskande har lagt opp.

– Då Marion vann Wimbledon, visste eg at alt er mogleg, uttala Cibulkova i etterkant av sigeren i semifinalen.

– Ho er lynrask

Med mindre rekkevidde enn dei fleste konkurrentane, må 24-åringen kompensera med hurtigheit.

– Ho er fantastisk bevegelig og lynrask, fortel Andersen, og legg til:

– I tillegg har ho ei imponerande evna til å fighta. Ho kjempar heilt vilt. Cibulkova kan slå vinnarar frå begge sider, står høgt i bana og tek ballen tidleg. Svakheita er sjølvsagt serven, men grunnspelet og returen er mellom dei beste.

Det er stor skilnad på dame- og herretennis. I dametennis er ikkje serven så dominerande, og det er langt fleire servegjennombrot.

– Men det er klart du ikkje får ein god serve når du er 161 centimeter, seier Andersen og påpeikar at Serena Williams ikkje hadde vore nummer éin i verda utan serven hennar.

I og med at det har vore så varmt i Melbourne, særleg den fyrste veka, og underlaget er noko raskare enn tidlegare år, sprett ballen lågare.

– Det er ein klar fordel for Cibulkova, seier Andersen.

Trur på kinesisk siger

Li Na

Kinesiske Li Na spelar sin tredje finale i Melbourne, men har ikkje vunne enno. I fjor måtte ho gje tapt for Victoria Azarenka.

Foto: MAL FAIRCLOUGH / Afp

På den andre sida i finalen står kinesiske Li Na. Verdsfiraren har alt vore i to finalar i Melbourne, samt vunne French Open.

– Erfaringsmessig bør det ikkje kunna gå, men klarar Cibulkova å spela slik ho har gjort, skal det verta vanskeleg å slå ho, seier Andersen.

Trass i 24-åringen si kjempeturnering, heller likevel Andersen mot kinesisk siger laurdag morgon. Han trur nervane kjem til å liggja tjukt utanpå kroppen.

– Eg gjev Li Na 60 prosent sjanse på grunn av erfaringa. Eg trur ikkje Cibulkova klarar å produsera det spelet ho synte mot Radwanska, og fryktar ho kan verta nervøs.

Finalistane har møttest fire gongar, der den kinesiske stjerna har vunne samtlege.

Finalen går laurdag morgon.

Siste nytt

  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Skadet Hegerberg ute av landslagstroppen

    Norge må starte EM-kvalifiseringen uten stjernespiss Ada Hegerberg (28).

    – Ada ble skadet i en kamp. Det var en takling, et spark. Hun har veldig god framgang, og vi håpet virkelig at hun skulle bli klar til denne samlingen. Hun ønsker virkelig å bli klar. Hun har gjort alt hun kunne, men denne samlingen kommer litt for fort, sier landslagssjef Gemma Grainger til NRK.

    Også kaptein Maren Mjelde (34) er ute av troppen med skade. Verken Hegerberg eller Mjelde har vært i kamptroppene for sine respektive klubblag den siste tiden. Dermed har de blant annet gått glipp av kvartfinalene i mesterligaen, der Hegerbergs Lyon og Mjeldes Chelsea begge har tatt seg videre.

    Norges Fotballforbund presenterte skjærtorsdag uttaket til de kommende EM-kvalifiseringskampene. Norge spiller hjemme mot Finland 5. april og borte mot Nederland fire dager senere.

    – Hovedmålet er så klart å bli blant de to beste i gruppa. Vi ønsker å kvalifisere oss direkte til EM. Målet er også å prestere godt i disse kampene, og for laget å ha en klar identitet i spillet. Jeg ønsker at laget skal bli bedre for hver kamp, sier landslagssjef Gemma Grainger i en pressemelding fra fotballforbundet.

    Synne Jensen, som har scoret mye for Real Sociedad i spansk fotball, er inne i Norges A-tropp for første gang siden 2021. Fortsatt er det ingen Emilie Haavi å se i troppen tross godt spill i Roma.

    Troppen:

    Målvakter: Aurora Mikalsen (Brann), Cecilie Fiskerstrand (LSK Kvinner), Guro Pettersen (Werder Bremen).

    Backer: Tuva Hansen (Bayern München), Guro Bergsvand (Brighton), Thea Bjelde (Vålerenga), Marit Bratberg Lund (Brann), Mathilde Harviken (Rosenborg), Marthine Østenstad (Brann), Emilie Marie Woldvik (LSK Kvinner).

    Midtbanespillere: Ingrid Syrstad Engen (Barcelona), Vilde Bøe Risa (Atlético Madrid), Karina Sævik (Vålerenga), Lisa Naalsund (Manchester U.), Frida Maanum (Arsenal), Justine Kielland (Brann), Guro Reiten (Chelsea), Elisabeth Terland (Brighton), Signe Gaupset (Brann).

    Spisser: Caroline Graham Hansen (Barcelona), Sophie Román Haug (Liverpool), Celin Bizet Ildhusøy (Tottenham), Synne Jensen (Real Sociedad).

    (NTB)

    muQhvzRI73c
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Reitens Chelsea videre i Mesterligaen

    Guro Reiten og hennes Chelsea tok seg komfortabelt videre til Mesterligaens semifinale etter 1-1 hjemme mot Ajax onsdag kveld.

    London-klubben vant 3-0 borte og ledet også 1-0 på Stamford Bridge, men Ajax utlignet etter en drøy time.

    Reiten slo den målgivende pasningen da Chelsea scoret. Hjemmelaget vant ballen høyt og ballen endte hos nordmannen. Reiten tok den med seg noen meter fremover i banen før hun spilte gjennom til Mayra Ramírez som var sikker alene med keeper.

    Chelsea møter vinneren av kampen mellom Brann og Barcelona torsdag.

    Guro Reiten

Sendeplan

Kl. Program Kanal