– Denne sjetteplassen eg veldig godt nøgd med, seier Christiansen til NRK.
– Det har vore eit tøft meisterskap, og eg merkar at det tar på å symje kvar dag. Og fordi eg er midt i ein tung treningsperiode og har lite overskot, er det godt å symje på 7.51 akkurat no, seier han.
– Dette løpet tapte eg ikkje. Eg er svært godt nøgd med å symje fortare i dag enn i går, seier Christiansen, som hadde 7.53,09 i kvalifiseringa.
19-åringen opna ganske bra og låg på fjerdeplass etter 100 meter. Då var han framleis med i kampen om bronsemedaljen, men etter kvart rykka dei tre første frå resten av feltet.
Aller best var italienske Gregorio Paltrinieri. Han vann framfor landsmannen Gabriele Detti. Ukrainske Mykhajlo Romantsjuk blei nummer tre. Christiansen enda til slutt på ein sjetteplass med 7.51,84, noko som er seks sekund bak hans personlege rekord på distansen.
– EM over forventning
På 400 meter måndag fri tok unggutten ein imponerande sølvmedalje. På favorittdistansen 1500 meter blei det en litt mer skuffande sjuandeplass.
Men Christiansen deppar ikkje etter meisterskapet. Tvert imot.
– Det har vore over all forventning – ikkje minst fordi eg ikkje hadde så store forventningar. Å starte med ein sølv var ei stor overrasking. Dei siste dagane har vel vore meir slik vi trudde det kom til å gå, seier Christiansen.
Han er full av lovord om Gregorio Paltrinieri, som var suveren både på 800 og 1500 meter.
– Han er så rå, og mitt store førebilete. Ein veldig kul type som eg ser opp til. Det er tøft å få symje ved sida av han.
Resultat:
1) Gregorio Paltrinieri, Italia 7.42,33, 2) Gabriele Detti, Italia 7.43,52, 3) Mykhaylo Romantsjuk, Ukraina 7.49,99, 4) Jan Micka, Tsjekkia 7.50,38, 5) Timothy Shuttleworth, Storbritannia 7.50,52, 6) Henrik Christiansen, Norge 7.51,84.