Hopp til innhold

Christiansen fryktar straff etter takling: – Eg får seie unnskyld

POKLJUKA/OSLO (NRK): Vetle Sjaastad Christiansen takla Johannes Kühn på standplass og dermed tapte tyskaren viktige sekund. Kühn måtte til slutt sjå seg slått med fire sekund av Martin Fourcade.

Det store spørsmålet etter dagens verdscupopning i skiskyting er om taklinga inne på standplass kan ha kosta tyskaren sigeren.

På veg inn til standplass tok nemleg Sjaastad Christiansen ei skikkeleg sklitakling på tyskaren.

– Eg skjønte at han gjekk bra, så eg fekk ikkje heilt løn for strevet med å takle han, spøkar nordmannen

– Men det vart litt kluss då han skulle inn og eg skulle ut. Eg får gå å sei unnskyld. Eg håper han vinn.

– Kan du få straff?

– Det kan eg heilt sikkert. Man skal eigentleg vike for den som er lengst fram i løpet, og han var på startnummeret føre meg. Eg veit ikkje om vi har nokon gule eller oransje kort på lur, men det blir nok kanskje ein åtvaring.

Johannes Kühn

IMPONERTE: Johannes Kühn vart takla av Vetle Sjaastad Christiansen på standplass. Kan det ha kosta han sigeren i verdscupopninga?

Foto: Darko Bandic / AP

Tyskaren vil derimot ikkje gi nordmannen skulda for at førsteplassen rauk. Han meiner at Fourcade hadde kontroll og uansett ville vunne i dag.

– Eg vart nummer to og det er mitt karrierebest, så eg er ikkje frustrert i det heile tatt. Han har sagt unnskyld til meg og sa han var lei seg, fortel Kühn til NRK.

– Kanskje han kjøper ei øl til meg ein gong og då er alt fint, spøkar han.

Fourcade hadde ikkje fått med seg taklinga på tyskaren før han kom i mål.

– Var det Vetle som takla? Då må eg takke Vetle. Eg hadde god kontroll på siste runden, så eg trur eg hadde vunne uansett, seier franskmannen til NRK.

Vetle Sjaastad Christiansen, som i år er tilbake på det norske verdscuplaget, imponerte med solid skyting og leverte fire fulle hus på standplass. I sporet gjekk det derimot litt for sakte og han hamna til slutt som nummer elleve.

Bø svikta på standplass

Johannes Thingnes Bø vart beste norske med ein 7.-plass. Han gjekk som vanleg veldig sterkt i sporten, men rota det til på standplass.

Det svikta alt med ein bom på liggande og med to bom på andre liggande var løpet øydelagt for nordmannen.

BOM: Johannes Thingnes Bø fekk ingen draumeopning på verdscupen med heile tre bom, men viste imponerande innsats i langrennssporet.

Foto: Darko Bandic / AP

– Det er så sjukt irriterande, for det er sjølvforskyldt. Det er plagsamt, for eg greier å gjere det betre enn det, seier ein tydleg skuffa Thingnes Bø.

– Det er for dårleg, rett og slett. Eg kom godt i gang og hadde senka skuldrene på første skyting. Men eg vart reven med og hadde feil fokus.

– Berre å skjerpe seg

Lars Helge Birkeland leverte også på standplass, men med ein bom nådde han ikkje heilt opp.

– Det var skikkeleg kjipt, seier han om den eine bommen i løpet.

Han vart likevel nest best i mål av dei norske på ein 10.-plass.

Tarjei Bø opna med to bom på første liggande og gav seg sjølv eit håplaust utgangspunkt på dagens 20 kilometer med to tilleggsminutt.

– Det var veldig middels, seier han om sin eigen innsats.

– Her er det berre å skjerpe seg til i morgon. NormaIdistanse er noko vi går to gonger i året, så eg trur ikkje vi skal konkludere for mykje førebels. I morgon er det sprint, og då blir det meir action, seier nordfjordingen.

Det vart med andre ord ein tung dag i verdscupopninga for nordmannen.

Verdscupdebutant Sindre Pettersen leverte eit flott løp, men sleit på standplass og måtte notere seg med tre bom på standplass.

Føre rennet var det duka størst spaning til duellen mellom franskmannen Martin Fourcade og Johannes Thingnes Bø.

Nordmannen kunne sjå tilbake på ein flott sesong i fjor med åtte sigrar og 16 gonger på pallen, men franskmannen var hakke sterkare og vann verdscupen i samanlagt.

Opningsrennet i verdscupen vart avlyst i går på grunn av tåke. I dag hadde tåka letta og rennet kunne starte som planlagt, sjølv om tåka trua på tretoppane Pokljuka.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal