Chelsea-sal kan bli godkjent tysdag
Dei siste og avgjerande godkjenningane rundt salet av den engelske fotballklubben Chelsea kan kome på plass allereie tysdag, ifølge fleire britiske medium.
Både Daily Mail og BBC melder måndag kveld at den britiske regjeringa kan godkjenne oppkjøpet i løpet av 24 timar.
Det blir sagt vidare at portugisiske styresmakter også har måtta godkjenne handelen, all den tid Chelsea-eigar Roman Abramovitsj også har portugisisk pass. Det skal ha bidratt til at prosessen har trekt ut i tid.
Det er eit konsortium leidd av amerikanske Todd Boehly som blir London-klubbens nye eigarar. Avtalen som er inngått skal vere verdt 4 milliardar pund – tett oppunder 50 milliardar kroner – har The Telegraph og andre medium tidlegare meldt.