Det blei ein lang spurt på den femte etappen i Tour de France. Edvald Boasson Hagen dro til og rysta motstandarane med eit kjemperykk eit par hundre meter før målstreken, men blei henta inn igjen.
Boasson Hagen: – Eg feilrekna
Då det stod att 600-meter av etappen kom Boasson Hagen som ei kanonkule ut frå hovudfeltet. Nordmannen var verkeleg frisk i tråkket.
Men Boasson Hagens superrykk kom 250 meter for tidleg, og som så mange gonger før trakk Cavendish det lengste strået.
– Eg bomma totalt på spurten. Eg trudde det var mykje kortare til mål, seier Boasson Hagen til TV2.
(artikkelen held fram under biletet)
Spurten gjekk i slak motbakke, og var på førehand venta å bli knallhard.
– Vi har det beste laget når det kjem til spurten, men denne gongen var det ekstra tøft med tanke på den harde stigninga, seier Cavendish.
Kanoner i velt
Ryttarane velta om kapp på dagens 5. etappe frå Carhaix til Cap Fréhel i Tour de France.
Verst gjekk det nok ut over den slovenske meisteren Yaroslav Brajkovic som låg blodig i vegkanten og etter kvart måtte bryte rittet.
Også samanlagtutfordrarane fekk kjenne asfaltens vrede i dag. Både Alberto Contador, Bradley Wiggins og Robert Gesink var alle involvert i velt.
Alle kom seg på sykkelen og kunne halde fram. Spanske Contador kom seg greit opp til hovudfeltet att, men med tydelege rifter i trøya.
– Det er høgt tempo på dagens etappe, og slike velt er heilt vanleg i Tour de France, seier NRKs kommentator Jann Post.
(artikkelen held fram under biletet)
Den belgiske spurtaren Tom Boonen fekk ei endå tøffare oppgåve med å halde fram. Etter å ha velta som ein av mange hadde han tydelege smerter då han var tilbake på sykkelen.
– Det var ein ekstremt tøff etappe med sterk sidevind og medvind. Samstundes er det ikkje så god plass på desse vegane, og då er det klart at det er mange som møter bakken, seier Hushovd til TV2.
(artikkelen held fram under biletet)
Hushovd enno i gult
Også Thor Hushovd tenkte mykje på siger i spurten, men fann etter kvart ut at han heller ville halde på den gule trøya.
– På slutten følte eg meg sterk. Kanskje feilberekna eg litt på slutten då eg låg langt framme, men eg tenkte det var ein fifty-fifty-sjanse å gå for siger. Eg gambla og tapte, seier Hushovd.
(artikkelen held fram under biletet)
I morgon er det ny etappe. Frå start i Dinan går vegen til målpassering i Lisieux.
– Der vil eg gå for siger, seier Hushovd.