– Herregud, det var skremmande. Vi surfa frå hjul til hjul og det var kaotisk, seier Mark Cavendish til arrangøren etter løpet.
– Eg var litt for langt bak inn på oppløpet, det var folk overalt og eg fann hjulet til Kittel, eg visste at eg måtte gå tidleg, for det var nedoverbakke. Kittel kom opp på sida, men eg klarte å halde han bak meg, sa den smørblide briten.
I tillegg til å vinna sin tredje etappesiger, tok han også over poengtrøya frå Peter Sagan.
Mark Cavendish vann framfor Marcel Kittel og Daniel McLay Cavendish har no tatt 29 etappesigrar i Tour de France, berre Eddy Merckx har fleire med sine 34.
- Les også:
Kristoff: – Ikkje god nok
Alexander Kristoff fekk eit godt opptrekk av Marco Haller og Jacopo Guarnieri, men nådde ikkje heilt fram i spurten.
– I dag var eg rett og slett ikkje god nok, seier Alexander Kristoff til NRK etter at han spruta inn til fjerdeplass.
Tidlegare i Tour de France har det vore stilt spørsmålsteik ved om laget til Kristoff har vore gode nok til å få han fram i feltet.
– I dag var det perfekt. Eg kunne ikkje fått eit betre opptrekk. Eg har ingenting å skulda på, dei er rett og slett raskare enn meg, seier Kristoff.
Slaktar arrangøren
Marcel Kittel måtte nok ein gong sjå seg slått av Cavendish med minst mogeleg margin, men etter løpet slakta han arrangøren i intervjuet med TV 2.
– Det var totalt kaos i spurten der og det er livsfarleg, seier Kittel til kanalen.
Fleire ryttarar har klaga på oppløpa tidlegare i årets Tour de France, og har sagt at andre ryttarar tar for store sjansar.