Siste nytt

  • Islandsk motstand for Halden

    Haldens handballherrar skal ut mot islandske Valur i kvartfinalen i Challenge Cup.

    Halden slo ut russiske Neva i ein høgdramatisk bortekamp då kvartfinalebilletten vart sikra søndag.

    Mannskapet til Jan Thomas Lauritzen skal ha heimekamp først. Han blir spelt anten 21. eller 22. mars. Returkampen går helga etter.

    Vinnaren skal møte vinnaren av greske AEK Aten og Potaisa Turda frå Romania i semifinalen. Den første av det oppgjeret blir spelt 25. eller 26. april. Også der får Halden heimekamp først dersom det blir avansement.

    Halden håndball
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Son ute med brudd i armen

    Tottenhams Heung-min Son er operert for et brudd i armen og må belage seg på flere uker på sidelinjen, skriver Tottenham på sine hjemmesider. Angrepsspilleren pådro seg armbruddet i helgens ligakamp mot Aston Villa, som sørkoreaneren avgjorde på overtid.

    Heung-min Son under kampen mellom Tottenham og Aston Villa
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Tøft program for Ødegaard

    Real Sociedad og Martin Ødegaard skal spele fem kampar frå 4. til 22. mars. Det er klart etter at den utsette kampen mot Eibar er terminfesta til 10. mars. Dermed blir det fire ligakampar og semifinale i cupen i løpet av 19 dagar.

    23. mars skal landslaget samlast før EM-kvalifiseringskampen mot Serbia 26. mars. Siger der gir ny kvalik-kamp 31. mars.

    Martin Ødegaard tilbake i Madrid
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal