– Vi greidde å snu kampen og finne ein måte å vinne på. Eg er framleis ikkje heilt sikker på korleis vi greidde det, seier Casper Ruud.
Han er nesten skremmande roleg når han møter NRK. – Eg likar ikkje å stresse.
– Men det var gøy, og vi vann ein jamn kamp mot to gode double-spelarar. Det var ei morosam oppleving.
Ruud og hans serbiske makker Miomir Kecmanovic slo kroatiske Ivan Dodig og franske Edouard Roger-Vasselin 1-6, 6-1, 7–5 etter ein time og 34 minutts spel.
Kampen blei avgjort då Ruud og makkeren braut motstandarens serve til 6-5, og deretter serva heim til 7-5.
– Dei spela nesten feilfritt i starten, medan vi brukte tid på å finne saman. Så tok vi til å serve betre, fekk inn nokre bra returar og reidde å bryte dei i andre sett. Det gav sjølvtillit, og i andre sett fekk dei svar med sin eigen medisin, seier Csper Ruud.
– Rundjuling
Det siste settet var jamt, men mot slutten makta Ruud og Kecmanovic å bryte motstandarens serve og vann.
– Dette var gøy. Dei fekk rundjuling i første sett, fordi det er nokre år sidan dei spela saman, og nok var lit rustne. Men gleda kom etter kvart og spelet tok til å sitje, og då spelar dei bra saman, seier Caspers far Christian til NRK.
Han trur at det førte til at motstandarane blei litt nervøse.
– Og serven sat veldig bra, spesielt i tredje sett. Då spela dei veldig avslappe for å dra det i land. Men returane kan bli litt smartare, seier Christian.
– Vi tar nok ikkje double like seriøst som single. Men det var moro å vinne, det gir god stemning, seier Casper.
Motstandarane er rangert som nummer 12 i turneringa, og ifølgje Casper Ruud tar dei double litt meir seriøst.
– Ingen vits i å sutre over 0–5
– Det er ingen vits i å sutre over at ein ligg under 0–5 i ein doublekamp. Det er hyggelegare å ta den litt meir morosame tonen.
– Du er i andre runde i to klasser. Korleis greier du det?
– Det kjennest veldig godt å vere klar for andre runde i to klasser i ei grand slam-turnering. Det er berre å glede seg til nye kampar.
Onsdag er det singlekamp. Berrettini er rangert som nummer 31 i turneringa på Roland Garros-grusen i Paris.
– Han har ein god serve og har vunne ei ATP-turnering i år, så han er god. Men eg skal vise han at møter ein viking. Det er han som har presset på seg.
Ruud er heller ikkje redd for at det kan gå mot to kampar på same dag.
– Om vi spelar som i dag, kan vi nå langt.