ATP-tittelen er nordmannen sin sjette totalt og hans femte denne sesongen. Alle dei fem tidlegare titlane har komme på grus som er spesialunderlaget hans, og turneringssigeren i California er dermed nordmannens første på hardcourt.
– Eg starta fantastisk. Det var nokre tøffe ballar i første settet der det kunne gått begge vegar. Andre sett var òg tett. Eg trur resultatet lyg litt, sa Ruud etter kampen.
– Eg spelte bra og trefte med forehanden. Det måtte til for å slå Cameron i dag, sa han.
Perfekt start
Ruud fekk ein perfekt start på kampen. Han braut ved alle moglegheiter i første sett og vann dermed settet 6–0.
Nordmannen fekk ikkje ein like enkel veg gjennom andre settet, der han måtte kjempe for ikkje å bli broten på stillinga 1–1.
På stillinga 3–2 var det derimot Ruud som braut. Han kunne dermed serve til 5–2-leiing. Han braut endå ein gong og vann andre sett 6–2.
Slo ut britisk legende
Etter å ha hatt walkover i første runde, starta Ruud turneringa i San Diego ved å vinne (7–5, 6–4) mot den tidlegare verdseinaren Andy Murray i andre runden. Nordmannen tok seg relativt enkelt til semifinalen ved å slå italienske Lorenzo Sonego 6–1, 6–4.
Natt til søndag norsk tid trong Snarøya-guten tre sett og to og ein halv time på å ta seg til finalen. Han vann første kampen mot bulgarske Grigor Dimitrov 6–4, 4–6, 6–4.
– Eg spelte betre og betre, og avslutta med ein av mine beste kampar i år, sa Ruud om turneringa.
ATP-finalen?
Ruud kom inn i turneringa rangert som nummer 10 i verda. Den 26 år gamle briten Norrie var rangert som nummer 28. Norrie overraska ved å slå ut den førsteseeda russaren Andrej Rubljov, rangert som nummer 5 i verda, i semifinalen sin.
Sigeren er eit viktig steg på veg mot plass i ATP-finalen i november. Berre dei åtte beste i sesongen kvalifiserer seg til prestisjeturneringa. Nordmannen var før turneringa i San Diego rangert nettopp som nummer 8.
Neste veke speler Ruud Master 1000-turneringa Indian Wells i California. Ei god turnering der vil gi viktige ranking-poeng.