Casper Ruud til semifinale

Casper Ruud slo serbiske Dusan Lajovic 7-5, 6-1 i kvartfinalen i ATP-turneringa i Buenos Aires, og er klar for semifinale.

I første sett leia Ruud 3-0. Så glapp det litt og det blei 3-3. Men Ruud braut Lajovics serve i det aller siste gamet og vann settet. I andre sett var Ruud suveren og leia 5-0 før Lajovic vann eit sett.

Lajovic er rangert som nummer 23 i verda, medan Ruud er nummer 45.

I semifinalen møter Ruud Juan Ignacio Londero frå Argentina.

Casper Ruud
Foto: TONY ASHBY / AFP

Siste nytt

  • Fury tok tilbake tronen

    Britiske Tyson Fury kapret WBC-beltet i tungvektsboksing etter teknisk knockout over Deontay Wilder i sjuende runde i Las Vegas. Wilder var ubeseiret før oppgjøret. – Jeg er en mann av mine ord, sa Fury til BT Sport. Fury feiret med allsang til «American Pie» – til publikums store begeistring.

    Fury
    Foto: STEVE MARCUS
  • Hovland avslutta forrykande

    Viktor Hovland avslutta med birdie og leiar nå PGA-turneringa i golf i Puerto Rico før søndagens avslutningsrunde. Hovland låg på delt leiarplass før laurdagens tredjerunde, men med godt spel la han alle konkurrentane bak seg. Han varta opp med heile åtte birdiar og kan nå ta sin aller fyrste siger på PGA-touren. Åtte slag under par på runda og totalt 18 slag under par i turneringa er fasiten etter endt spel laurdag.

    Viktor Hovland i Puerto Rico
    Foto: Kevin C. Cox / AFP
  • Real Madrid gjekk på smell

    Real Madrid rauk på eit surt 0-1 tap heime mot Levante laurdag kveld. 11 minutt før full tid blei Jose Luis Morales matchvinnar da han traff perfekt på volley frå spiss vinkel. Barcelona vann derimot 5-0 mot Eibar og har dermed tatt over serieleiinga og har to poeng ned til hovudstadslaget.

    Real Madrid tapte mot Levante
    Foto: Alberto Saiz / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal