Hopp til innhold

Ruud meiner legender endra spelemåten: – Hans største våpen

Carlos Alcaraz (19) spelte heile tre fem sett-kampar før han slo Casper Ruud i finalen. Fysikken vekkjer oppsikt, og no meiner Ruud at spelet er endra.

2022 US Open - Day 14

NUMMER EIN OG TO: Carlos Alcaraz (19) og Casper Ruud (23) etter finalen i US Open.

Foto: ELSA / AFP

– Når nokon spør om spelarar sitt største våpen, så tenkjer ein vanlegvis på forehand eller backhand. Bevegelsane hans er det. Vi må måle linja, på ein måte. Han er veldig rask og rekk ballar du sikkert aldri har sett før, seier Ruud om den spanske motstanden i finalen.

Før finalen, hadde Ruud eit håp om at Alcaraz med sine totalt 20 timar og 19 minutt i beina, skulle vere ein fordel for nordmannen.

I finalen verka Alcaraz like pigg som alltid.

– Det var utvilsamt ein tanke, men han er ung, og kjem seg raskt. Han såg frisk ut, som alltid. Det er ikkje overraskande, men imponerande, seier han.

U.S. Open

SMIDIG: Carlos Alcaraz.

Foto: MIKE SEGAR / Reuters

No meiner Ruud at spelet er endra for framtida.

– Sette lista

Etter sigeren blei Alcaraz historias yngste spelar som er rangert verdseinar.

Ruud meiner at det fysiske aspektet ved tennis er på eit nivå det aldri har vore før, og at det er tennislegendene Rafael Nadal og Roger Federer som har vist vegen.

– Det fysiske aspektet har alle forbetra, og farten og smidigheita blir berre betre og betre. Eg trur Nadal og Federer sette lista for korleis du kan bevege deg, seier Ruud.

Han ser eit tydeleg likskapsteikn hos unge Alcaraz og legenda Nadal.

– Då Nadal var ung, var han også lik Alcaraz. Han henta inn det meste av ballar, og var fleksibel. Carlos har ein miks av begge. Han er både rask og fleksibel. Han er vanskeleg å slå, seier Ruud.

Han trur også at teamet bak Alcaraz hjelper stort på hans veg til toppen.

– Han får behandling frå same doktor som Nadal, så han får verkeleg god hjelp og gjer alle dei rette tinga. Det er imponerande, utan tvil.

2022 US Open - Day 14

SPLITT: Her er Alcaraz nesten i spagaten undervegs i finalen.

Foto: MATTHEW STOCKMAN / AFP

Skil seg ut

Tennisekspert Christer Francke har følgt utviklinga over lengre tid, og er einig i at tennisen har utvikla seg på området.

Novak Djokovic og Rafael Nadal er to han meiner alltid har vore rå fysisk. I US Open-finalen fekk ein sjå to nye som står lange kampar godt.

– Dei aller beste spelarane er meir fysiske no, seier Francke til NRK.

Tenniseksperten meiner at det er der arbeidet ligg, når ein har teknikken til grunn.

– Dei fleste som er topp 100 i verda kan spele forehand og backhand, og gjer det veldig bra. Då handlar det om det fysiske og mentale, som avgjer kor god du er. Orkar du ikkje, så blir du sliten i hovudet. Då greier du ikkje å vinne heller, seier han.

Han meiner at Alcaraz har medfødde eigenskapar, som gjer at han er så reaksjonssterk og eksplosiv, i tillegg til å vere ekstremt smidig og energisk.

Ser ein på Ruud, er han grunnleggjande fysisk sterk og uthaldande.

– Dei er litt forskjellige, men det er fleire vegar til Rom, seier han.

US Open Tennis

TROFÉ: Carlos Alcaraz og Casper Ruud på premieutdelinga etter finalen i US Open.

Foto: Charles Krupa / AP

Alcaraz spelte tre fem-sett-kampar før finalen, og hadde like mykje energi i finalen.

– Korleis fekk han til det?

– Fordelen er at han er 19 år. Er du ung så toler du det betre. Hadde dette vore ein spelar på 30 eller meir, så trur eg ikkje han hadde heldt i same omfang. Det handlar om mental innstilling og litt med korleis kroppen restituerer. Han har tydelegvis gode genar, og er lett i kroppen, seier Francke.

– Vanskeleg å forstå

Ruud synest det nesten er surrealistisk at ein spelar som er fire år yngre enn han sjølv, har vorte verdseinar. Han kan ikkje tru anna enn at Alcaraz er ein av dei sjeldne.

– Det er vanskeleg å forstå at han er ein tenåring. Eg ser på han som ein av dei få, sjeldne talenta som av og til kjem opp. Så får vi sjå korleis karrieren utviklar seg, men det går rette vegen. Han har vist ei utruleg fighterevne, og vilje til å vinne, seier Ruud.

Han meiner at han rir ei bølgje for tida.

– Han låg under i ein kamp for litt sidan, men enda opp med å vinne turneringa. Ting har verkeleg gått i hans favør. No rir han bølgja, og akkurat no er han den beste spelaren i verda i mine auge.

Sjølv er han glad for at han er rangert som den nest beste spelaren i verda.

– Eg er verkeleg stolt over å vere nummer to. Det er ein god ting, for då kan eg framleis jage ein plass. Det kjem til å bli tøft, men då har eg noko å erobre, seier Ruud.

Les også Ruud tapte US Open-finalen mot 19-åring – får ros for «fair play»-gest

Carlos Alcaraz og Casper Ruud i US Open-finalen.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Nok et tap for Lilleberg og Lightning

    Emil Lilleberg og hans Tampa Bay Lightning tapte 3–2 borte for Florida Panthers, og ligger dermed under 2–0 i kamper av Stanley Cup-sluttspillets første runde.

    Lilleberg fikk 17 minutter på isen og bidro med blant annet ett skudd på mål.

    Washington Capitals v Tampa Bay Lightning
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal