– Kom du hit for å provosere? Kom du hit for å provosere, eller? Ein klappar ikkje for ein dobbelfeil, ropte Casper Ruud opp mot tribunen under 3. runde av Masters-turneringa i Indian Wells.
Nordmannen skulle serve på stillinga 4–4 i første sett mot Lloyd Harris. På tribunen kom det høglydte klapp frå ein person då Ruud to gonger missa serven og sørafrikanaren fekk poenget.
– Kva skjer, Casper? spurde dommaren.
– Han er her for å provosere. Eg gjorde ein dobbelfeil og han er oppi ansiktet mitt og klappar, så eg bad dei fjerne han.
– Var berre ute etter å plage
Tre funksjonærar var raskt på plass for å ta affære. Mannen forlét stadion, tilsynelatande motvillig, medan han scrolla på mobilen sin.
– Han dreiv og laga masse lydar og klappa mellom første og andreserven då Casper serva, så han var berre ute etter å plage han. Men han vart sendt ut veldig fort, så det gjekk greitt, skriv Joachim Bjerke til NRK.
Bjerke er ein del av Ruuds støtteapparat og satt rett framfor tilskodaren då episoden gjekk føre seg.
Snuoperasjon
På banen såg det ikkje ut til at forstyrringa påverka nordmannen for mykje. Harris briljerte med god serving i det første settet og avgjorde til 7–6 etter tiebreak.
Ruud heva det offensive spelet etter kvilen. Dei siste to setta vann han 6–4, 6–4.
No ventar argentinske Diego Schwartzman i 4. runde onsdag kveld. Vinnaren av den kampen møter anten Tommy Paul eller Cameron Norrie i kvartfinalen – etter at russiske Andrej Rubljov overraskande gjekk på eit tap natt til tysdag.
- Masters 1000-turneringa i Indian Wells kan ein sjå på Discovery+.
Ekstremt viktig turnering
Ruud kjempar ein kamp om å komme seg med i ATP-sluttspelet i Torino i november, der berre årets åtte beste spelarar får ein plass. På noverande tidspunkt er han nummer sju.
ATP Masters 1000-turneringa i Indian Wells er ei av dei største turneringane som står att denne sesongen. Der blir det delt ut heile 1000 rankingpoeng for siger.
Deretter følgjer ei 500-poengsturnering i Wien for Ruud, før det igjen skal bli delt ut 1000 poeng i Paris. Dersom han enno ikkje er kvalifisert for Torino-finalen, vil han truleg spele ATP 250-turneringa i Stockholm.
PS! Casper Ruud har vunne 49 kampar på ATP-touren i 2021, tredje flest av alle spelarar. Stefanos Tsitsipas (52) har flest. US Open-vinnar Daniil Medvedev tok nummer 50 natt til tysdag.