Hopp til innhold

CAS stadfestar dopingsak mot russisk curlar

Idrettens valdgiftsrett (CAS) kunngjorde måndag morgon at dei vil granske dopingsaka mot den russiske curlingspelaren Aleksandr Krusjelnitskij.

Aleksandr Krusjelnitskij

CAS-GRANSKING: Det blir opna dopingsak mot Aleksandr Krusjelnitskij etter at han avla positiv prøve på stoffet meldonium

Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters

CAS' dopingpanel har innleidd ei prosedyre rundt utøvaren Aleksandr Krusjelnitskij, heitte det i ein melding frå Idrettens valdgiftsrett.

Måndag blei det klart at også B-prøven er positiv, ifølgje nettstaden insidethegames.biz.

Ifølgje nettstaden skal høyringa gjennomførast i morgon, tysdag.

Søndag blei det kjent at hans A-prøve viste spor av det forbodne stoffet meldonium.

Tidlegare måndag vart det meldt at dopingsaka rundt spelaren kunne påverke IOCs avgjerd om dei skal la dei russiske utøvarane avslutte vintervekene i Pyeongchang under sitt eige flagg.

OUR, med Aleksandr Krusjelnitskij og kona Anastasija Bryzgalova slo Norge 8–4 i bronsekampen i miks-curling.

– Meldonium gir ingen fordel i curling

Meldonium er eit stoff som hjelper utøvaren til å halde ut lenger og til raskare å ta seg inn etter ein konkurranse. Det var dette stoffet som tennisstjerna Marija Sjarapova blei utestengd i 15 månader for.

Men den russiske curling-trenaren Sergei Belanov avviser dopingskuldingane. – Dette stoffet gir ingen fordel i curling, seier han.

– Det ville vore dumt gjort av Aleksandr å ta dette stoffet. Og Aleksandr er ikkje dum.

Insidethegames.com erfarer at IOC vil heller ha ei orsaking enn ei bortforklaring frå Russland.

– Det bør vere i russarane si eiga interesse å be om orsaking i staden for å prøve å utfordre dopingsaka, skriv nettstaden.

Norges curlinglag kan dermed rykke opp frå fjerdeplass til bronsemedalje dersom OUR misser medaljen.

Krusjelnitskij har sjølv nekta for at han har dopa seg.

Dopingsak kan skade Russland

Ei dopingsak kan vere svært uheldig for Russland, som er utestengd som nasjon i OL i Korea. Utøvarane deltar under nøytralt flagg.

Men IOC held døra open for at dei 169 russarane kan få ha sitt eige flagg under avslutningsseremonien søndag. Ei dopingsak kan hindre dette. IOC skal diskutere dette seinare denne veka.

– Om dei bryt reglane, kan det sjølvsagt få konsekvensar, seier IOC-talsmann Mark Adams.

Då IOC i desember bestemte seg for å stenge Russland ute frå OL, kravde dei også at Russland skulle betale ei bot på 15 millionar dollar til antidopingarbeid. Men Russland har enno ikkje betalt.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal