Då lista med dei nominerte til årets Ballon d'Or vart offentleggjorde, var det fleire norske namn å sjå. Erling Braut Haaland var ikkje overraskande på lista, medan Martin Ødegaard og Guro Reiten vart nominert til prisen for første gang.
30 kvinner og 30 menn er nominerte i kåringa, der det blir delt ut éin pris til kvinnene og éin pris til mennene.
Men eitt namn stussa fleire på at ikkje stod der: Caroline Graham Hansen.
FÅR IKKJE DENNE: Graham Hansens lagvenninne på Barcelona, Alexia Putellas, vann gullballen i 2022.
Foto: FRANCK FIFE / AFP– Det er vel ikkje noka overrasking, seier ho.
Men lagvenninnene, dei er overraska. Og Graham Hansen meiner ho har svaret på kvifor.
- Caroline Graham Hansen og Noreg møter Austerrike i nasjonsligaen fredag kl. 19.00 – kampen blir send på NRK2 og i NRK TV.
«Merkeleg» og «rart»
– Det var veldig merkeleg. Ho fortener ein plass der. Ikkje bra, seier Tuva Hansen til NRK.
Ho meiner landslagsvenninna har vist at ho fortener ein plass på nominasjonslista.
– Det er litt rart. «Caro» er ein klassespelar, men vi har vel andre norske som hevdar seg der, så det er dritkult, seier Aurora Mikalsen.
Ho siktar til Guro Reiten som er nominert. Chelsea-spelaren synest sjølv at det er kjempestas, og meiner Graham Hansen hadde fortent det same.
– Sånn er kåringar, sånn er fotball, det er ulike vurderingar og det spørst kven du spør. Ho fortener sjølvsagt å vere der, seier Reiten.
Burde Caroline Graham Hansen blitt nominert til Gullballen?
– Vinn heller meisterligaen kvart år
Graham Hansen meiner i alle fall sjølv å ha årsaka til at ho heller ikkje i år er nominert til den gjæve prisen.
– Eg er ikkje den som stikk meg fram når det gjeld sånne kåringar, så det går veldig bra, seier Hansen.
– Kvifor er du ikkje den som stikk deg fram?
– Eg er ikkje den som på ein måte er mest glad i media eller har bygget profil for å ha eit namn som blir lagt merke til i den typen kåringar. Eller den som blir snakket mest om. Det lever eg godt med, seier ho.
LAGSPELARAR: Både Graham Hansen og Ada Hegerberg er i kapteinsteamet
Foto: Lise Åserud / NTB– Eg fekk vere på årets lag i meisterligaen, speler på kanskje det beste laget i verda og vann meisterligaen i år, så eg lever godt med det.
På spørsmål om ikkje merittane ho nemner er ei stadfesting på at ho burde vorte nominert, svarer ho følgjande:
– Eg veit godt kva eg står for, og eg veit godt kva eg har fått bidrege med til å vinne meisterligaen. Eg vinn heller meisterligaen kvart år enn éin Ballon d'Or. Det er det eg jobbar for kvart år, at ein vinn så mange titlar ein klarer for både klubb og landslag. Det er eit lagspel, seier 28-åringen.