Hopp til innhold

Carlsens finalemotstandar: Har ikkje trenar og hatar å førebu seg

Wesley So gjekk enkelt til finalen i VM i fischersjakk etter å ha slått Jan Nepomnjasjtsjij, men har valt ein heilt annan stil enn motstandarane sine.

Wesley SO

SMIL: Slik så Wesley So ut etter å ha kvalifisert seg til VM-finalen i fischersjakk.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Amerikanske So har hatt ein lang veg til VM-finalen. Medan Carlsen gjekk rett til finalen, har So spelt fem kvalifiseringskampar berre for å få vere med i sluttspelet på Høvikodden utanfor Oslo.

– Eg hadde ikkje forventa dette, det er utruleg stort for meg, seier So.

– Han er ein uslepen diamant, meir uslepen enn dei andre fordi han ikkje har apparatet rundt seg og ikkje er den klassiske idrettsutøvaren, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.

– Ekstremt imponerande

So klatra opp til å bli nummer to i verda i 2016, heilt utan eit støtteapparat. Mens Magnus Carlsen både har familie, manager, trenar og fleire sekundantar, har Wesley So knapt nokon som kan hjelpe han i store turneringar.

– Så vidt eg veit er han den einaste i verda som ikkje har ein ordentleg trenar og treningsopplegg rundt seg, seier NRKs ekspert Atle Grønn.

– Ein ekstremt imponerande prestasjon å komme så langt nærast på eiga hand. Han er sjakkgeniet frå provinsen som framleis lever eit liv avsondret frå omgivnadene, forklarer Grønn.

Sjølv om han er utradisjonell, har det aldri vore nokon tvil om at Wesley So skulle bli ei sjakkstjerne. Han vart stormeister som 14-åring, og allereie då skapte han overskrifter.

– Ein har vore klar over det kjempestore talentet til So lenge, Magnus Carlsen har vore klar over det i ti år, då han inviterte So på treningsleir, seier Grønn.

– Han jobbar veldig mykje med sjakkdatamaskiner på egenhånd. Han burar seg inne med computere for å bli betre. Og når du har trenarar handlar det om å finne folk som passar bra saman med deg. For han har det vore vanskeleg, forklarer stormeister og sjakkekspert Yassir Seriwan.

Amerikanaren fortel at So har eit lite nettverk som hjelper han med opningar og opningsteori. Men som So seier:

– Vi pleier å pugge opningar fram til trekk 40. Eg hatar det!

Ian Nepomniachtchi og Wesley So (t.h

IMPONERTE: Wesley So feia Jan Nepomnjasjtsjij av brettet i semifinalen og vann 13-5.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Carlsen er betre

2019 har vore eit tungt år for Wesley So. Sist han stilte opp i ei turnering enda han langt nede på resultatlistene. Utan resultat uteblir premiepengane. Siger i VM i fischersjakk, mot sjølvaste Magnus Carlsen, får auga til å lyse opp.

– No skal eg studere Carlsens parti, og måten han spelar på. Opninga er ukjend, men eg studerer ulike stillingar som kjem opp. Det er det same, berre utan teori, seier So.

Det er ikkje ulikt motstandar Carlsen. Også han er kjent for ikkje å ha eit spesielt kjærleg forhold til opningsteori.

– Det er dei to spelarane som liknar kvarandre mest. Alt So er god på, er Carlsen litt betre på, seier Grønn.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal