NRK Meny
Normal

Carlsen vann Norway Chess

Magnus Carlsen slo Pavel Eljanov i siste parti i Norway Chess, og sikra med det sin første siger i turneringa.

Magnus Carlsen

SIGER: Magnus Carlsen imponerte i sitt siste parti mot Pavel Eljanov.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Om han vinn dette er det veldig imponerande, sa Jon Ludvig Hammer i TV 2 studio etter Carlsens 25. trekk.

Men ti trekk seinare hadde Carlsen overtaket, og Eljanov valde med det og kaste inn handkledet. Med det gjekk Carlsen opp på seks poeng i samandraget og vann halvpoenget framfor Levon Aronian.

– Eg er veldig godt nøgd med å avgjere det i dag. Det var utruleg herleg å kunne vinne her., seier Carlsen til TV 2 etter sigeren.

Carlsen vann med det sin første Norway Chess på fire forsøk.

Levon Aronian spelte mot Pentala Harikrishna i sitt siste parti, og enda då opp med 5,5 poeng.

– Eg er jo aldri heilt nøgd med spelet mitt, men det var ein veldig svart/kvit turnering. Eg spelte veldig bra med kvite brikker og dårleg med svart. Til neste gong må eg spele betre med svart. Eg har spelt veldig lenge utan å tape no, og det har nok gjort at eg har spelt feigt med sort for å halde rekka med parti utan tap lengre, sa han til TV 2.

Carlsen leda Norway Chess med fem poeng, på lik poengsum som Levon Aronian, før dagens siste parti. I går tapte Carlsen sitt første parti på 43 forsøk, mot nemnde Aronian.

Stillinga før dagens avsluttande parti (8 av 9 rundar): 1) Magnus Carlsen og Levon Aronian 5, 3) Vladimir Kramnik, Veselin Topalov og Maxime Vachier-Lagrave 4,5, 6) Pentala Harikrishna og Li Chao 4, 8) Anish Giri 3,5, 9) Pavel Eljanov 3, 10) Nils Grandelius 2.

Siste nytt

  • Northug har friskmeldt seg

    Petter Northug har friskmeldt seg selv og er tilbake i lett trening, opplyser trener Stig Rune Kveen til NRK. Nå håper han å være klar for intervaller over helgen. – Petter har meldt sin interesse for å gå skirenn igjen, sier Kveen, som bekrefter at Northug vrakes hvis han ikke tas ut til Ruka. – Ja, du kan si det sånn. Petter føler seg muskulært og kroppslig klar for skirenn.

    Northug
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • Curling-tap mot Sveits

    Thomas Ulsrud og hans lag tapte 6-8 for vertsnasjonen Sveits i andre kampe i curling- EM. Tidlegare i dag opna Norge med 11-3 over Russland.

    Neste kamp går mot Nederland søndag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sesongstart langrenn: 15 km fri teknikk, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
Sesongstart langrenn: 15 km fri teknikk, menn
Langrenn: 15 km fri teknikk menn
Vinterstudio
Vinterstudio
Sesongstart skiskyting: fellesstart kvinner
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner
NM kombinert: 10 km langrenn
Sesongstart skiskyting: Fellesstart kvinner