Magnus Carlsen spelte for sin del eitt av dei beste partia sine så langt. Verdsmeisteren brukte berre 29 trekk på slå motstandaren Ehsan Ghaem Maghami og det på imponerande vis.
Sjakkekspert Torstein Bae let seg imponere over Carlsens spel:
– Det var ikkje fordi motstandaren var lett. Magnus imponerte verkeleg i dag, utdjupar Bae overfor NRK.
Maghami er den beste spelaren i Iran, og er ein svært habil motstandar for Magnus. Men i dag spela Magnus verkeleg godt, seier Bae.
– Magnus har ein spelestil som vanlegvis slit motstandaren ut, og det er sjeldan han verkeleg køyrer over motspelaren
Viser styrke framforVM
Bae meiner det Carlsen har vist under sjakk-OL er positivt framfor VM i New York i november.
– Han har vist framgang under heile OL. Det er vanlegvis ikkje ei turneringsform som passar Magnus, fordi han då møter mange mostandarar som er langt svakare, og det er ikkje hans force.
Ungguten Aryan Tari brukte og berre 29 trekk på å ta heim partiet med kvite brikker mot Shahin Lorpartizangeneh.
Frode Urkedal spelte svart mot Alireza Firouzja, og nordmannen drog i land sigeren etter 39 trekk.
Jon Ludvig Hammer på bord nummer to sleit litt meir mot Parham Maghssodloo, men klarte til slutt remis etter 76 trekk.
Noreg står med sju sigrar, ein uavgjort og to tap og har 15 poeng etter at ti rundar er unnagjort. Noreg ligg på sjetteplass med berre ein runde igjen. USA leier føre Ukraina og Russland.
Også kvinelaget vann
Det norske laget i kvinneklassen har ikkje gjort det like bra, men måndag slo dei Wales 3,5 - 0,5.
Monika Machlik slo Shayanna Sivarajasing, Olga Dolzhikova vann sitt parti mot Olivia Smith, mens Ellen Hagesæther heller ikkje hadde særlege problem med å slå Lynda Roberts. Edit Machlik spelte remis mot Imogen A. L. Camp i den siste kampen.
Det norske kvinnelaget har fem sigrar, ein uavgjort og fire tap og totalt 11 poeng og rykte opp til ein 51.-plass.