NRK Meny
Normal

Carlsen møter kvinna som herjar med gutta: – Han blir tent av det

Verdsmeister Yuifan Hou (23) kan stå for tidenes kvinnelege sjakkprestasjon mot Magnus Carlsen.

Gibraltar Chess Hou Yifan

KAN SKRIVE SJAKKHISTORIE MOT CARLSEN: Kinesiske Yifan Hou har kvite brikker når ho møter Magnus Carlsen i Grenke Chess Classic.

Foto: Pavlo Palamarchuk / AP

Magnus Carlsen har spelt to strake remis i innleiinga av Grenke Chess Classic i Karlsruhe.

Samtidig har kinesiske Yuifan Hou vunne begge sine parti, mellom anna mot Fabiano Caruana, som er ein av dei tre beste spelarane i verda.

Prestasjonen vekker oppsikt i ein mannstung verdselite av sjakkspelarar.

– Det er artig at einaste kvinna som er med leier klart etter to rundar. Eg trur ho har sett seg så mykje i respekt at folk ikkje tenker så mykje på at ho er kvinne. Ho har vist at ho høyrer heime i dette selskapet, seier NRKs sjakkekspert, Atle Grønn.

– Er det verre for kvinner å få respekt i sjakken?

– Det er mykje diskutert. Av dei som forskar på dette blir det sagt at kvinner ofte speler dårlegare mot menn enn mot kvinner. At kjønnsaspektet ligg og lurer, og at kvinner blir usikre fordi dei føler at dei ikkje får den respekten dei skal ha. Men dette er veldig betent i sjakken. Eg veit at dette er noko kvinnene er veldig opptatt av, men det kan jo dei svare betre på enn meg, seier Grønn.

Unik prestasjon i kvinnesjakken

Yuifan er den høgast rangerte kvinnelege sjakkspelaren, men er likevel ikkje på topp 100-lista over dei beste i verda. Grønn ser det likevel ikkje som usannsynleg at 23-åringen skal klare å slå nummer ein i verda etter pangstarten på turneringa.

– Det kan gå alle vegar. Magnus vil nok vinne for einkvar pris, medan Huifan kan stå for ein prestasjon som er ganske unik i kvinnesjakken, seier Grønn.

– Skulle ho slå Magnus Carlsen etter å ha slått Caruana vil det nok vere den største prestasjonen av ei kvinne i sjakkens historie, legg han til.

Magnus Carlsen

VERDAS BESTE MANN MOT VERDAS BESTE KVINNE: Magnus Carlsen møter Yifan Hou.

Foto: MARK KAUZLARICH / Reuters

– Motivert av sjansen til å vinne

Motstandar Carlsen har ikkje hatt den beste starten på turneringa, med remis mot langt dårlegare motstand i første parti. Andre parti enda også med remis, men då mot langt sterkare motstand i topp 10-spelar Levon Aronian.

Grønn trur Carlsen sleit med å mobilisere for å knuse første motstandar Matthias Bluebaum fordi han nettopp var første motstandar og langt dårlegare rangert.

Når han igjen møter ein langt dårlegare rangert spelar i kvinnesjakkens dronning kan det bli heilt annleis.

– Han blir nok tent av det.

– Kvifor?

– Det er prestisje at den beste kvinnelege spelaren har eitt poengs forsprang. Magnus har denne sjansen til å ta igjen leiaren, og er ein spelar som blir motivert av sjansen til å vinne turneringar, seier Grønn.

Partiet mellom Yuifan og Carlsen startar kl. 15 måndag.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-kveld