Vann Norway Chess før siste parti: – Behageleg dag på jobben

Sjølv om Magnus Carlsen har vunne Norway Chess alt ein dag før turneringa er over, så er han ikkje heilt nøgd før han har slått erkerivalen Fabiano Caruana i siste runde.

Norway Chess

NY SIGER: Magnus Carlsen med kvite brikke tok nok ein suveren siger i Norway Chess.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Det vart etter kvart ein veldig behageleg dag på jobben. Ganske tidleg følte det som det var teknisk så og sei vunne, seier Carlsen til TV 2 etter sigeren mot kinesaren Yu Yangyi i det åttande partiet.

Kort tid etterpå vart det også klart at dette gav han hans andre samanlagtsiger i turneringa, da Levon Aronian tapte, mot fjorårets vinnar Fabiano Caruana, i sitt parti.

Dermed kan han ikkje ta att nordmannen samanlagt. Carlsen står med imponerande 13 av 16 mogelege poeng.

Manglar ikkje motivasjon

Carlsen sjølv spelte overlegent i sitt åttande parti. Og i det 44 trekk måtte kinesaren gi opp. Dermed vann Carlsen sitt andre parti i klassiske sjakk i denne turneringa, etter at dei seks andre parti har enda i armageddon.

– Ja, veldig herleg. Pluss ein er bra. Pluss to er ikkje verst. Og med seks armageddon vart det jo ei strålande turnering, seier Carlsen til TV 2.

Men sjølv om samanlagdsigeren er i boks, har ikkje Carlsen tenkt å gjere det enkelt for Fabiano Caruana i det siste partiet fredag.

Norway Chess

SUPERDUELL: Sjølv om Carlsen har vunne, manglar det ikkje på motivasjon før meistermøte med Fabiano Caruana i siste parti.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Uansett, så er det noko å spele for. Så det er ikkje noko problem med motivasjonen. Eg er ikkje ferdig, seier 28-åringen frå Lommedalen.

For etter VM i vinter, der dei to spelte utruleg jamt mot kvarandre, er ein ny siger over Caruana noko som fristar.

– Det viktigaste er å vinne turneringa. Men eg har veldig lyst å slå Caruana og. Om eg slår han i morgon, så er det prikken over i'en, understrekar nordmannen ovanfor TV 2.

Carlsen vann turneringa i Stavanger sist i 2016. I fjor var det Caruana som vann.

Held fram sigersrekkja

Carlsen opna igjen uventa og kreativt mot sin motstandar Yu Yangyi i Stavanger, der nordmannen i dag spelte med kvite brikke.

Norway Chess

SLEIT: Yu Yangyi fekk det tungt mot Magnus Carlsen i det åttande runden av Norway Chess.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

TV 2 sine ekspertar skildra etter kvart partiet som kaotisk og Yu måtte bruke lang tid på sine trekk. Etter 20 trekk uttalte Carlsen sjølv at han følte han stod godt.

Og medan klokka tikka for kinesaren stod nordmannen med sine brikke sterkare og sterkare for kvart trekk, medan Yu sleit med å få til noko som helst.

Til slutt var det ingen tvil. Carlsen vann også det åttande partiet.

I turneringen i Stavanger har seks av dei sju kampane nordmannen har spelt i, enda med armageddon. Carlsen har gått sigrande ut av alle parti.

Magnus Carlsen hadde før møtet med kinesiske Yu Yangyi spelt 65 parti utan tap og han har vunne alle dei siste turneringane som han har deltatt i dette året.

Siste nytt

  • Bernardo-volley i City-seier

    Et volleyskudd fra øverste hylle signert Bernardo Silva ble vinnermålet da Manchester City vant 2-1 over Aston Villa og holdt tritt med serieleder Chelsea.

    City dominerte bortekampen fra start og ledet 2-0 ved pause før Ollie Watkins skapte ny spenning med et reduseringsmål. En utligning maktet ikke Steven Gerrards menn å få inn, og dermed tok tettrioen i Premier League tre poeng hver.

    Chelsea vant i likhet med City 2-1 på bortebane (mot Watford), mens Liverpool seiret 4-1 i byderbyet mot Everton. Chelsea topper tabellen ett poeng foran City og to foran Liverpool.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Rui Vieira / AP
  • Salah i toppform – 4-1 i byderbyet

    Premier Leagues toppscorer Mohamed Salah leverte to mål da Liverpool banket Everton 4-1 i byderbyet onsdag.

    Med «kun» ett mål på de tre foregående kampene var Salah tilbake og scoret sitt 12. og 13. mål for sesongen. Han har fire mål ned til Jamie Vardy på toppscorerlista i Premier League for øyeblikket.

    Jordan Henderson og Diogo Jota satte de to andre Liverpool-scoringene, mens Demarai Gray satte Evertons ene.

    Både Chelsea og Manchester City gjorde jobben, så det betyr at de rødkledde stadig er to poeng bak Chelsea og på tredjeplass. Den nevnte trioen har nå sju poeng ned til neste lag (West Ham) på tabellen.

    Mohamed Salah
    Foto: PAUL ELLIS / AFP
  • Watford skapte trøbbel for Chelsea

    Chelsea slet seg til 2-1-seier i Premier League-kampen mot Watford etter at oppgjøret ble midlertidig stanset på grunn av en hendelse på tribunen.

    Kampen ble stoppet på stillingen 0-0 i det 13. minutt på grunn av at en tilskuer fikk akutte helseproblemer. Spillerne ble sendt i garderoben. Etter omkring 30 minutter ble kampen satt i gang igjen.

    Etter det sendte Mason Mount Chelsea i føringen, men Emmanuel Dennis utlignet like før pause. Hakim Ziyech ble matchvinner for Chelsea snaut 20 minutter før slutt i det som ble en kamp utenom det vanlige i Watford.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Mike Egerton / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal