På den kontinuerleg oppdaterte ratingen er Carlsen nemleg no oppe i 2882,6 poeng. Det er 3,7 poeng opp frå 2878,9.
– Det er hyggeleg å sette rekorden. No handlar det berre om å ikkje tape i morgon så eg sikrar at rekorden blir ståande, seier Carlsen til NRK.
– Det blir vel rekord så lenge eg ikkje taper. Det er utruleg morosamt, seier verdsmeisteren med eit stort smil.
Verdsrekorden blei sikra etter at Fabiano Caruana fekk juling i parti fire av ti i Zürich Chess Challenge.
Tidleg fordel, sikra etter brølar
Caruana kjempa tappert, men måtte til slutt gi tapt mot den norske verdsmeisteren. Trekket som til slutt forsegla ny Carlsen-siger skjedde i det 38. trekket.
Carlsen hadde nettopp flytta bonden sin frå a4 til a5. Caruana følgde opp med konge frå a8 til b7.
– Eit «brølartrekk». Caruana kunne kjempa vidare dersom han spelte tårn frå e8 til d8, meiner NRK sin sjakkekspert Askild Bryn.
Etter italienaren sin brølar blei resten av trekka ein gangmarsj mot Carlsen-siger. Etter nordmannen sitt 47. trekk slengde Caruana ut handa, og to poeng var sikra.
– Eg hadde det gøy i dag. Det var eg som hadde initiativet, det var eg som pressa. Det var eit morosamt parti, slår Carlsen fast i prat med NRK.
Sigeren smakte nok i tillegg ekstra godt for Carlsen då Caruana vann sist dei to møttest. Det var 15. juni i fjor då italienaren vann med svarte brikker.
- Les også:
Saka held fram under videoen.
Utsette og utsette
Den toppranka nordmannen fekk derimot fordelen tidleg i spelet. Då Caruana utsette ein rokade i det lengste bikka partiet verkeleg i fordel Carlsen.
– Fordelen kom som følge av at han utsette rokaden, slår sjakkekspert Bryn fast.
Carlsen kverna på, og utover i partiet kjempa den 21 år gamle italienaren for ein mogleg remis. I trekk 32 missa han sjansen til å kanskje hanke inn remis.
Likevel var det uansett nær umogleg for Caruana å vinne. Carlsen spelte nemleg utruleg god angrepssjakk. Den norske stormeisteren Jonathan Tisdall seier det slik:
Etter det fjerde partiet er Carlsen framleis i leiinga. Han leiar med sju poeng, eitt poeng framfor Levon Aronian.
Carlsen: – Veldig viktig siger
Carlsen og Aronian er åleine i toppen i turneringa då begge vann sine parti søndag. Aronian slo Hikaru Nakamura med kvite brikker.
– Det var ein veldig viktig siger sidan Levon vann sin kamp, seier nordmannen om sin argaste konkurrent i Zürich.
Sigeren var Carlsen sin tredje på fire parti. Den utteljinga er han svært fornøgd med.
– Eg føler jo at eg har hatt ganske god utteljing, for eksempel fekk eg eit heilpoeng på eit svakt parti i går. Elles føler eg at eg har spelt bra.
– 3,5 av 4 er verkeleg betre enn eg hadde venta, fortel Carlsen til NRK.
– Står mellom Carlsen og Aronian
Akkurat det er venta. Det er no heile tre poeng frå Aronian og ned til dei fire andre.
– Aronian er den store formspelaren, medan det har vore knytt spenning til korleis Carlsen vil gjere det i Zürich. Dette fordi han ikkje har spelt på lenge, seier Bryn.
– Men det har vore venta at dei to vil kjempe om sigeren?
– Ja. Magnus fordi han er verdsmeister og verdseinar, Aronian fordi han er den store formspelaren og verdstoar, slår Bryn fast.
Han er sterk tvilande til at nokon vil hente inn dei to i tet.
– Sigeren vil stå mellom Magnus og Aronian, avsluttar NRK-ekspert Bryn.
I morgondagens parti er det Vishy Anand, som Carlsen banka i sjakk-VM i november, som er motstandar. Carlsen spelar med svarte brikker. Aronian på si side møter Caruana – også Aronian med svarte brikker. Nakamura og Boris Gelfand møtest i det tredje partiet måndag.