Hopp til innhold

Carlsen innrømmer tabbe – visste ikkje om regelendringa

Magnus Carlsen fekk stor merksemd i sjakkverda då han tidlegare i veka tok på ei brikke utan å flytte ho. No kjem verdseinaren med ei erkjenning.

SJÅ VIDEO: Her rører Magnus Carlsen så vidt den svarte hesten.

Eg må seie at det var nytt for meg at det har vore ei endring i reglane der.

Det fortel Magnus Carlsen i ein podkast med sponsoren sin. Her bruker sjakkesset og programleiar Magnus Barstad mykje tid på å gå gjennom manøveren og diskusjonane som oppstod i etterkant.

Det var i det niande VM-partiet at Carlsen justerte den svarte hesten sin, utan å flytte ho. Ifølgje dagens regelverk må du flytte brikka du tek på så lenge du ikkje har sagt «j'adoube», som betyr «eg justerer», i forkant.

– Blir ikkje praktiserte

Det skapte mykje debatt i sjakkmiljøet då dommaren som følgde partiet ikkje greip inn. Nokre sjakkprofilar meinte at dommaren burde ha bede Carlsen om å flytte den svarte hesten. Andre meinte det var riktig å la Carlsen sleppe unna.

Magnus Carlsen

SNAKK UT: Magnus Carlsen meiner det hadde vore vanvitig om han måtte flytte brikka han ramma.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Nordmannen fortel at han først fekk vite etter partiet at regelen hadde vorte stramma inn. Ifølgje det gamle regelverket var det lov å ta på brikka så lenge intensjonen ikkje var å flytte på han.

Det blir ikkje praktisert sjølv om den endringa kom for tre–fire år sidan. Det som skjer på toppnivå er at når du justerer ei brikke, treng du ikkje å seie «j'adoube kvar gong. Viss du skal vere ekstremt streng på reglane, så antek eg at ho rett og slett må flyttast. For meg er det heilt ulogisk. Det blir ikkje praktisert sånn, seier sjakkesset i Unibet-podkasten.

Carlsen meiner det hadde vore veldig rart viss dommaren hadde reagert på det under VM-partiet.

Det hadde vore heilt vanvitig. Hadde dommaren sagt at eg måtte ha flytta den brikka ... Eg hadde ikkje godteke det utan vidare.

SJÅ VIDEO: I fredagens parti, som pågår nå, sa Carlsen «j'adoube» då han justerte ei brikke.

Slik reagerer ekspertane

NRKs sjakkekspert Torstein Bae stussar over utsegnene til Carlsen.

– At han ikkje har fått med seg endringa er sjølvsagt overraskande, seier Bae.

Sjakkdommar Kristoffer Gressli er likevel ikkje overraska over at sjakkeliten følgjer dei gamle reglane. Han synest både dommarstanden og Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) må bli flinkare til å informere spelarane om regelendringar.

– Det er jo bitte små nyansar i reglane som er endra, så her er det nok mange som bør tole kritikk. Magnus og teamet hans bør jo halde seg oppdatert, men eigentleg tenkjer eg det seier mest om både FIDE og dommarstanden. Det er gjort ein altfor dårleg jobb med informasjonen rundt dette, seier Gressli til NRK.

– Både ved innføringa av regelen, og dommarane som openbert ikkje har opplyst om dette på spelarmøte før turneringar dei har halde. Viss Magnus ikkje har fått det med seg, er det garantert at ei mengd av både toppspelarar og klubbspelarar heller ikkje har fått dette med seg.

Pressesjef i FIDE, David Llada, stadfesta onsdag overfor NRK at FIDE fekk med seg episoden med Carlsen, og at dei vurderer å gjere regelen tydelegare for både spelarar og dommarar.

– Vi går over reglane med jamne mellomrom. Det same vil skje med denne regelen, sa Llada.

Siste nytt

  • Vellykket operasjon for van Aert

    Sykkelstjernen Wout van Aert var torsdag gjennom en vellykket operasjon etter at han ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen.

    Det skriver belgierens lag, Visma Lease a Bike, i egne mediekanaler.

    – Det er uklart når Wout vil være tilbake på sykkelsetet igjen. Han går glipp av vårens klassikere, og deltakelsen i Giro d'Italia er fortsatt usikker. På vegne av Wout takker vi for all støtte, heter det i meldingen.

    Skaden gjør at prestisjerittene Flandern rundt, Paris-Roubaix, Amstel Gold Race, La Fleche Wallonne og Liege-Bastogne-Liege går uten belgieren.

    Med om lag sju mil igjen av onsdagens ritt veltet flere store profiler, blant dem van Aert. TV-bildene viste en svært forslått og preget belgier der han satt i veikanten før han ble hentet av sykebilen. (NTB)

    Wout van Aert
    Foto: STEPHANE MAHE / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal