– Ja, det var litt spesielt, seier Carlsens manager Espen Agdestein.
Carlsen er i New York for å førebu seg til VM i november. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan er i byen i samband med generalforsamlinga i FN.
Han hadde invitert ei rekke framståande amerikanske investorar for å diskutere amerikanske investeringar i Tyrkia.
Og den omstridde tyrkiske presidenten er sjakk-interessert.
Det er også Mike Bloomberg, investor og verdas 6. rikaste person.
– Rart, men interessant
– Bloomberg er ein stor sjakkfan, og han inviterte Magnus til å vere med. Der var Erdogan og hans følgje, og der var også Henry Kissinger og mange andre prominente personar, fortel Agdestein til NRK.
93 år gamle Kissinger er tidlegare amerikansk utanriksminister, og no direktør i sitt eige konsulentfirma.
– Det kjendest rart, men det var interessant å høyre på den diskusjonen, seier Agdestein.
– Erdogan var veldig frampå for å selje sitt syn, naturlegvis. Men det var ei avslappa stemning likevel.
Magnus' app
Det var fleire med sjakkinteresse blant deltakarane. Ikkje minst den tyrkiske presidenten.
– Erdogan ville at Magnus skulle utfordre barnebarnet hans i sjakk. Men då sa Magnus til han at «du får heller la han trene på appen min».
Den appen var det fleire som hadde høyrt om.
– EU-ministeren til Tyrkia var stolt av å spele på appen til Magnus kvar einaste dag. Enten var han veldig godt førebudd, eller så var han ein skikkeleg sjakkfan, gliser Agdestein.