Carlsen får handikap

STAVANGER (NRK): Kollapsen i Norway Chess svekker Magnus Carlsens samanlagt-sjansar i sjakkens Champions League.

Magnus Carlsen

TRANG FØDSEL: Magnus Carlsen har starta Grand Chess Tour på verst tenkeleg vis.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Han startar med handikap i den neste turneringa, seier Simen Agdestein, Carlsens tidlegare læremeister.

Verdseinaren har fått ein dårleg start på Grand Chess Tour.

Ved å rase nedover på resultatlista i innleiinga av Norway Chess har han gjort det vanskeleg for seg sjølv i samanlagtkampen i det som også blir kalla sjakkens Champions League.

– Det er klart det er dårleg, seier Carlsen.

Går glipp av millionar

Grand Chess Tour består av tre ulike turneringar der verdas ni beste spelarar gjør opp om samanlagttittelen.

Vinnaren av kvar enkelt turnering får 2,4 millionar kroner.

– Konkurrentane vil få eit godt forsprang, så dette er ikkje bra, seier Agdestein.

– Det er klart at det er langt viktigare å vinne VM og halde på VM-tittelen, men det er jo også prestisje i å vinne Grand Chess Tour. I tillegg til å tene masse pengar, seier Agdestein.

Sjakk-kommentator Dirk Jan ten Geuzendam støttar Agdestein, men har fortsatt trua på at Carlsen kan komme tibake og vinne samanlagt.

– Han har prestert langt unna sitt eigentlege nivå her i Norway Chess, men til vanleg er han den mest stabile i sjakkverda. Ein eller annan gang måtte også han møte motgang, og det skjedde her, seier ten Geuzendam.

Men Carlsen har truleg ikkje råd til fleire turneringsfiaskoar for å vinne samanlagt.

– Han treng nok ytterlegare 1,5 til 2 poeng i Norway Chess for å henge med. Så må han truleg vinne dei to neste turneringane for å ta samanlagtsiger, seier kommentatoren.

Har ikkje gitt opp

Verdas mest suverene sjakkspelar gjennom tidene har tatt seg opp etter ein katastrofal start i Norway Chess.

Carlsen tapte første parti på tid etter å ha misforstått reglane. Neste knekk kom på dag to, då han blei slått av rival Fabiano Caruana. Dette var 24-åringens verste turneringsstart på fire år.

Dei siste tre partia har enda med ein siger og to remis. Det gir Carlsen håp om ein respektabel avslutning på Norway Chess og samanlagtsiger i Grand Chess Tour på sikt.

– Eg føler eg er god nok til å ta igjen det tapte i andre turneringar. No er det om å gjøre få mest mogleg ut av dei partia eg har igjen her.

Touren held fram med Sinquefield Cup i Saint Louis 21. august til 3. september, før det heile blir avgjort med London Chess Classic fra 3. til 14. desember.

Siste nytt

  • Lewandowski redda Bayern

    Bayern München sleit lenge mot botnlaget Paderborn og såg ut til å miste viktige poeng i tittelkampen i Bundesliga. Paderborn kjempa seg heroisk til 2-2 på bortebane med eit kvarter igjen å spele. Men da det var to minutt igjen på klokka dukka Robert Lewandowski opp og scora sitt 25 mål for sesongen. Dermed vann Bayern 3-2 og har fire poeng ned til Leipzig med ein kamp meir spelt.

    Robert Lewandowski
    Foto: Matthias Schrader / Matthias Schrader
  • Ny verdsrekord i tresteg

    Yulimar Rojas (24) frå Venezuela sette fredag kveld ny innandørs verdsrekord i tresteg. Den gamle rekorden til russiske Tatjana Lebedeva på 15,36 har stått sidan 2004. I kveld hoppa Rojas heile 15,43 på eit stemne i Madrid. Ute har ukrainske Inessa Kravets hatt verdsrekorden heilt sidan VM i Göteborg i 1995.

    Yulimar Rojas
    Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFP
  • Kristoff skuffa i spurten

    Cees Bol tok sigeren på den tredje etappen av Algarve rundt fredag. Alexander Kristoff var med i spurten om sigeren, men klarte ikkje å henge med på farta til nederlendaren i spurten og blei nummer fire. Daniel Hoelgaard var også med i spurten og kom inn på plassen bak.

    AFP_1IW3E2
    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal