Her blir Canada verdsmeister

Canada er verdsmeister i ishockey etter 2-0 over Finland i finalen.

Connor McDavid

LEIING: Connor McDavid scorer Canadas første mål. Finlands målvakt Mikko Koskinen er sett ut av spel

Foto: GRIGORY DUKOR / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

19 år gamle Connor McDavids scoring etter 11.24 i første periode skulle bli kampens einaste, før Matt Duchene sette pucken i tomt bur i sluttsekundet, då Finland hadde teke ut målvakta.

– Vi visste då vi møttest at vi hadde eit lag som kunne vinne VM. Vi er den beste ishockeynasjonen i verda, og vi viste det i dag, sa Duchene til TV4.

Då fløyta gjekk for siste scoringa, storma Canadas spelarar frå benken ut på isen for å feire. Dei blei jaga opp att slik at det siste sekundet kunne spelast før VM-tittelen var offisiell.

Canadas fysiske sterke lag møtte finnane aggressivt gjennom heile kampen, og gav aldri Finland sjansen til å vise det spelet dei har imponert med i heile VM-turneringa hittil. Mellom anna slo dei Canada 4-0 i gruppespelet.

Canada-jubel

JUBEL: Slik reagerte dei kanadiske spelarane då sluttsignalet gjekk

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Etter at McConnor hadde ditt Canada leiinga, møtte kanadiarane de finske spelarane som ein myggsverm heile tida.

Finland skuffa og var sjeldan farlege framfor mål, og Canada vann skotstatistikken med solide 33-16. Målvakt Mikko Koskinen vart då også kåra til Finlands beste spelar.

Canada forsvarte dermed VM-tittelen frå i fjor, og blei verdsmeister for 26. gong.

Tidlegare i dag slo Russland USA 7-2 i bronsefinalen.

Artikkelen blir oppdatert!

Siste nytt

  • Bodø/Glimt tok viktig poeng

    Nordlendingane klarte ikkje ta tilbake tabelltoppen, då laget spelte 1-1 borte mot Sarpsborg 08. Laget har dermed likt poeng med serieleiar Molde, men dårlegare målforskjell. Kristoffer Zachariassen sørga for 1-0 til heimelaget, men sju minutt før full tid utlikna Ulrik Saltnes for Glimt.

    Eliteserien i fotball 2019 Sarpsborg 08 - Bodø/Glimt
    Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix
  • Neerland gir seg som Molde-direktør

    Øystein Neerland sluttar som sjef for Molde Fotball ved årsskiftet, melder klubben. 55-åringen har vore direktør i klubben sidan 2015. Som fotballspelar har han 120 kampar og 35 mål for klubben. Styret er i gang med å finne Neerland sin erstattar.

    Nerland
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix
  • Overtar det polske landslaget

    Storhamar-trenar Arne Senstad blir ny trenar for det polske kvinnelandslaget i handball. Det opplyser det polske handballforbundet. Han skal erstatte Leszek Krowicki som fekk sparken tidlegare i sommar grunna svake resultat.

    HÅNDBALL: Eliteserien kvinner. Rælingen Storhamar Marikollhallen. (11 - 34)
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal