NRK Meny
Normal

Sjokk-kulde truar Ski Tour Canada

Det kan bli beinkaldt under dei neste renna i Ski Tour Canada. I verste fall kan etappar bli avlyst.

Petter Northug

ISKALDT: De norske løperne fikk kjenne kulda på kroppen allerede på sprinten på tirsdag. Men det skal bli mye kaldere.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Særleg sprinten fredag er utsett. Vêrmeldingane i Montreal-området varslar temperaturar ned mot 23 kuldegrader. Det er for kaldt til at det kan avviklast langrenn.

Kulde

IS i RUBBEN: Kulden tar godt i skjegget når ein går langrenn i temperaturar ned mot 20 kuldegrader.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Teknisk delegert i FIS, Torbjørn Broks Pettersen, fortel at det er ein risiko for at renna blir utsett eller i verste fall avlyst dersom vêrmeldingane slår til.

– Den absolutte grensa for internasjonale renn i FIS-regi er minus 20. Den er hoggen i stein. Så kan det vere tilfelle der temperaturen ligg på minus 15-16, kombinert med sterk vind i tillegg. Juryen har alltid eit ansvar for å sjå på totaliteten.

– Det ansvaret må dei ta alvorleg. Det handlar om helsa til løparane, seier Pettersen.

Frå under 20 til opp mot 10 minus

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss stadfestar at det blir kaldt i Montreal fredag.

– Tidleg på dagen kan det bli temperaturar ned mot minus 20, kanskje endå kaldare lokalt. Men heldigvis stig temperaturen ein god del utover dagen, seier Gislefoss.

Kristian Gislefoss i Vikersund

TRØYST: Statsmeteorolog Kristian Gislefoss trur temperaturen vil ligge på minus 10 når starten går fredag. Det er i så fall godt innanfor temperaturar det er mogeleg å arrangere langrenn i

Foto: Kamilla Pedersen / MET

Sprinten fredag tek ikkje til før godt utpå ettermiddagen. Og då trur Gislefoss det blir temperaturar som det går an å arrangere langrenn i.

– Då bør nok temperaturen ha stige til opp mot minus 10, spår meteorologen.

Derfor bør ikkje dei norske løparane bli skremde.

– Sjølv om Montreal ligg inst i ein fjord, er det vinterforhold som liknar dei som er på det indre Austlandet, med kalde nattetemperaturar som stig godt utover dagen, seier Kristian Gislefoss.

Dei norske jentene har svært ulike reaksjoner på kulda.

– Dette blir tøft for luftvegane mine frå starten av, seier Maiken Caspersen Falla.

– Eg håpar på tørr luft. Det er fuktig luft som er verst for meg og min type astma. Eg reagerer ikkje på kulde, seier Astrid Uhrenholdt Jacobsen.

– Eg håpar det blir veldig kaldt og ikkje snø. Storm hadde også passa bra, seier Heidi Weng.

PS: Torsdag i neste veke er det varsla 14 plussgrader i Montreal!

Siste nytt

  • Pietilä-Holmner legger opp

    Den svenske alpinisten Maria Pietilä-Holmner har bestemt seg for å legge opp. Hun har ikke klart å komme tilbake etter en ryggskade. Holmner debuterte i verdenscupsammenheng allerede som 16-åring i 2002. Hun har fått med seg 207 verdenscuprenn.

    Maria Pietilä Holmner
    Foto: Pontus Lundahl / Tt / NTB scanpix
  • Ewan vant på hjemmebane

    Australieren Caleb Ewan vant 2.-etappe av etapperittet Tour Down Under. Han overtok samtidig ledertrøyen i rittet. Lagkameraten Daryl Impey ble nummer to. Tyske André Greipel ble tidlig frakjørt og mistet dermed sin sammenlagtledelse til Ewan.

    Caleb Ewan
    Foto: David Mariuz / AFP
  • Rangers med målfest på hjemmebane

    Mats Zuccarello og New York Rangers vant 5-1 over Philadelphia Flyers på hjemmebane tirsdag. Mats Zuccarello fikk totalt 18 minutter og 17 sekunder på isen tirsdag. Han noterte seg for ett skudd på mål.

    Zucca
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM kunstløp: Menn kortprogram (Ukommentert)