Siste nytt

  • Norge til kvartfinale: - Kjempekamp

    Den norske duoen Christian Sørum og Anders Mol viste det beste spelet så langt i OL då dei slo nederlandske Brouwer og Meeuwsen med 21-17 og 21-19.

    Norge var klart best og aldri trua i første sett. I det andre hang Nederland lenge med, og var lenge på sida av nordmennene eller berre eitt poeng bak. Men Norge heldt unna og vann.

    – Ein kjempekamp av Mol og Sørum, sa NRKs ekspertkommentator Vegard Høidalen.

    Dei er dermed klare for kvartfinale onsdag.

    Der møter dei enten russarane Lesjunov/Semonov eller chilenarane Grimalt/Grimalt. Dei spelar sin åttedelsfinale måndag.

    Det russiske paret er det same som slo Mol/Sørum i den siste gruppekampen.

    – Det blir ei mental utfordring å møte dei på nytt, sa Høidalen.

    Sørum og Mol
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Formel 1-løp stoppet av storkrasj

    Valtteri Bottas krasjet rett ut i første sving av Ungarns Grand Prix. På veien tok han med seg både Charles Leclerc, Sergio Perez, Lando Norris og Max Verstappen.

    De to sistnevnte klarte å komme seg ut på banen igjen, og fortsette løpet.

    Bottas, Perez, Stroll og Leclerc måtte derimot bryte.

    Finnen Bottas bremset for sent inn i første sving og kjørte rett inn i bakenden til Norris. Dermed traff Norris siden til Verstappen, og Bottas Perez, mens bak kjørte Lance Stroll inn i Charles Leclerc.

    På grunn av løse bildeler i veibanen har løpet blitt foreløpig stoppet, og det blir en restart senere.

    Hungary F1 GP Auto Racing
    Foto: Darko Bandic / AP
  • Samde om å dele gullet

    Mutaz Barshim frå Qatar og Gianmarco Tamberi frå Italia blei samde om å dele gullet i høgde. Begge stansa på 2,37.

    Begge greidde alle høgdene i første forsøk, men ingen av dei greidde 2,39.

    Maksin Nedasekau frå Kviterussland tok bronsen, også han med 2,37.

    Normalt skulle det blitt omhopping for å kåre ein vinnar. Men ein ny regel gir løyve til å dele gullet i slike tilfelle, dersom begge er samde om det.

    Det var det ingen som var misnøgd med. Sekundet etter at dommarane godkjende delt gull, fall dei to konkurentane om halsen på kvarandre, og begge jubla av glede.

    Mutaz Barshim
    Foto: Ben Stansall / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal