Buraas med «comeback»

Lørdag deltok Sindre Buraas på 5000 meter gateløp i Perseløpet, hvor han uoffisielt klokket inn på 14,02. Til nå er det arrangørt få løp på grunn av koronautbruddet, men stadig flere arrangører kommer i gang med nye retningslinjer. Tidligere VM-løper Buraas la bort piggskoene i 2017. – Overraskende bra, sa Buraas etter målgang.

Buraas
Foto: Heiko Junge

Siste nytt

  • Hovland på andreplass

    Viktor Hovland gjorde ein ny sterk runde i PGA-turneringa i Ohio. Med åtte birdiar og to bogeyar på dei 17 første hola låg han på andreplass laurdag kveld.

    Med 14 slag under par totalt var han tre bak leiande Justin Thomas.

    Men fleire av dei andre spelarane var heller ikkje ferdig med runden. Fjerde og siste runde går søndag.

    Viktor Hovland
    Foto: Gregory Shamus / AFP
  • Sterling med tre i Citys kalassiger

    Manchester City knuste Brighton 5-0 i kveldens siste kamp i Premier League. Raheem Sterlig scora tre av måla, Gabriel Jesus og Bernardo dei to andre.

    Sigeren sikrar City andreplassen i Premier League.

    Raheem Sterling
    Foto: Julian Finney / AFP
  • Rosenborgs første heimesiger

    Med 3-0 over Strømsgodset har Rosenborg no gått fire kampar utan tap sidan Trond Henriksen overtok som mellombels trenar.

    Alle måla i kveld kom i andre omgang, og innbytar Pål André Helland var involvert i alle. Først heada han inn eit overlegg frå Gjermund Åsen, så leverrte han til Kristoffer Zachariassen som sette inn det andre.

    På overtid heada Torgeir Børven inn sitt aller første for Rosenborg, etter frispark frå Helland.

    Det betyr at Rosenborg er på tredjeplass på tabellen før kampane søndag.

    Jublar for Helland-scoring
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal