Bryants enkje vann i retten
Vanessa Bryant vann over Los Angeles County i retten etter at redningspersonell skal ha teke bilete av mannen og dotter hennar etter dødsulykka i januar 2020.
Kobe Bryants enkje, Vanessa Bryant, saksøkte Los Angeles County for aktløyse og krenking av privatlivets fred i samband med ulykka. Årsaka kjem av at både politi og brannvesen på åstaden skal ha teke bilete av Kobe Bryant og dottera Gianna etter helikopterulykka i 2020. Totalt ni menneske mista livet.
Ein domstol i Los Angeles tildelte Vanessa Bryant ei erstatning på 16 millionar dollar onsdag. Det svarer til cirka 155 millionar norske kroner.
Vanessa Bryant skal ha levd i frykt for at bileta på eit tidspunkt ville dukke opp på internett. Ein politibetjent skal ha erkjent at han delte bileta med ein kollega.
Kobe Bryant er ei av dei største basketballstjernene i historia. Han spelte for Los Angeles Lakers i to tiår, før han la opp i 2016. Han vann fem NBA-titlar gjennom karrieren.