Hopp til innhold

– Hadde tatt med både meg og Fredrik

Aalesund-kaptein Jonatan Tollås Nation var skuffa over å bli vraka til U21-EM, men brukar vrakinga som motivasjon. Hadde han sjølv stått for uttaket hadde to AaFK-spelarar vore med.

Aalesund / Tirana (Albania) 5-0 (sammenlagt 6-1)

Jonatan Tollås Nation (i midten) hadde tatt ut både seg sjølv og Fredrik Ulvestad (t.v.). No brukar han både vrakinga og U21-prestasjonen som motivasjon vidare.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Eg har følgt meisterskapen med argusauge, og synest det er veldig kjekt at det gjekk så bra som det gjorde. Det er kjekt å sjå eit norsk landslag hevde seg på høgt internasjonalt nivå.

– Det er ein del år sidan sist, seier Jonatan Tollås Nation.

Likevel legg ikkje den 22 år gamle AaFK-kaptein skjul på at han helst ville vore med på bronse-bragda.

– Eg var sjølvsagt veldig skuffa då eg ikkje blei tatt ut, for eg ville gjerne bidra, fortel midtstopparen til NRK.

Jonatan Tollås Nation

Jonatan Tollås Nation har vore AaFK-kaptein så lenge Daniel Arnefjord har vore skadd.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Kanskje ein fordel fysisk, men ...

Tollås Nation, som har vore AaFK-kaptein i midtstopparkollega Daniel Arnefjord sitt frå vær, har vore svært solid i årets sesong. Likevel blei både han sjølv og no 21 år gamle Fredrik Ulvestad vraka.

– Ja, det er litt rart at ingen frå AaFK var med. Hadde eg vore trenar hadde eg tatt med både meg og Fredrik Ulvestad. Men så er eg kanskje ikkje så objektiv akkurat der, flirer Tollås Nation.

Skuffelsen har lagt seg, og AaFK-spelaren gjennom snart seks år er klar på at vrakinga blir brukt til motivasjon.

– Du skal vere tilbake og inne på A-landslaget om nokre år?

– Ja, eg må jo det, det er målet. Når eg ikkje fekk vere med i U21-EM har eg desto meir lyst til å bevise kva eg kan.

Etter rundt éin månad pause frå Eliteserien trur han kanskje at den fysiske forma er betre i tillegg.

– Men det er klart at opplevinga og erfaringa spelarane fekk med seg frå Israel er uvurderleg. Eg sit ikkje igjen og seier at det var ein fordel å vere heim, humrar AaFK-midtstopparen.

Saka held fram under bildet.

Morrison, Tollås, Andersson

Jason Morrison (t.v.) er ute resten av sesongen etter eit blodpropp-funn. Her er han i duell, mot Viking på Color Line Stadion i 2012, saman med Tollås Nation.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Mogleg å hente Rosenborg og Godset

I Eliteserien opna Aalesund strålande, og låg ei stund heilt øvst. Etter ei litt varierande avslutning på våren der skadar prega, ligg AaFK no på femteplass med 20 poeng.

Motstandar i dag søndag er Viking – som ligg på tredjeplass med 23 poeng.

– Vi er vel ein direkte konkurrent med Viking tabellmessig, så det blir viktig med poeng mot dei, spesielt når vi er på heimebane. Vi kan ikkje la dei stikke av med poeng heim til Stavanger.

AaFK klatrar forbi Viking på målforskjell med siger. På fjerdeplass ligg Brann med 21 poeng, medan Rosenborg og Strømsgodset har fått ei lita luke i toppen.

– Det er ikkje umogleg å hente Rosenborg og Godset. Dei har 27 og 29 poeng, og vi er oppe i 23 om slår Viking.

– Men det blir sjølvsagt vanskeleg å hamle opp med dei. Det er to svært gode lage, og vi skal prestere godt om vi skal hamle opp med dei i oktober/november, meiner Tollås Nation.

Peter Orry Larsen

Midtbanepslear Peter Orry Larsen, som var svært god i opninga av sesongen, er tilbake etter skade.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Presterte bra med så mange skader

På dei fem siste står AaFK med tre tap på bortebane, og med to heimesigrar. 22-åringen frå Ålesund er klar på korleis laget skal bli meir stabile framover.

– No har vi fått tilbake veldig mange spelarar frå skade, og får mønstre nærmast fullt mannskap igjen. Eg meiner vi presterte bra med så mange skader som vi hadde i mai.

No er Peter Orry Larsen tilbake, Demar Phillips og Tremaine Stewart er så å seie speleklare, og forsvarsbauta Daniel Arnefjord er i trening. Jason Morrison er derimot ute resten av sesongen.

– Fleire og fleire er tilbake på treningsfeltet, og konkurransen blir større. Vi har ikkje kunne stilt det absolutt beste laget så langt, noko som er synd.

– Men dei som har kome inn har gjort bra, det må nemnast, så eg skal ikkje klage for mykje, avsluttar Tollås Nation.

Aalesund sin millionspiss Abderrazak Hamdallah, eller Hamed-Allah, sonar karantene etter tre gule kort. Han er delt AaFK-toppscorar saman med Michael Barrantes.

Siste nytt

  • Kronprinsesse Mette-Marit fikk se Norge knuse Storbritannia

    Norge har fått en god start på VM i parahockey på hjemmebane i Skien.

    Tirsdag vant de norske iskrigerne hele 18-0 over Storbritannia med kronprinsesse Mette-Marit på tribunen.

    I mandagens åpningskamp slo Norge til med 25-0 over Frankrike.

    Nå venter Kasakhstan, Sverige og til slutt Tyskland. Målet er å rykke opp til A-VM.

    Kronprinsessen delte ut bestemannspremiene etter kampslutt.

    B-VM-paraHockey-Norge-England-Mette-Marit
    Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK
  • KFUM-tapte etter omdiskutert scoring

    Strømsgodset vant 3-1 borte mot KFUM Oslo i Eliteserien tirsdag kveld.

    I forkant av Herman Stengels 2-0-scoring mente KFUM at de burde fått frispark da Godsets Logi Tómasson hadde en «høy fot» i duellen med KFUM-stopper Momodou Lion Njie, som gikk inn i duellen med hodet.

    – Jeg tør ikke å gå inn ordentlig med hodet når foten hans er såpass høy, men det er tydeligvis lov, sa KFUMs Momodou Lion Njie til TV 2 i pausen.

    KFUM-trener Johannes Moesgaard var ikke like bestemt.

    – Ja, det er høyt spark. Men i pausen sa jeg at han må ofre tennene og ta den i ansiktet, for da blåser dommeren. Hvis ikke får vi ikke noe. Vi kan ikke trekke oss slik som det. Jeg trenger mer hjerte og sjel enn det, sa Moesgaard om situasjonen til TV 2 i pausen.

    Strømsgodset tok ledelsen allerede etter seks minutter. Eirik Ulland Andersen scoret etter et nydelig angrep.

    KFUM styrte det meste av spillet i førsteomgang, men uten å skape de største sjansene.

    I stedet var det Strømsgodset som var effektive. Da Herman Stengel scoret 2-0 målet like før pause.

    Etter pause fikk KFUM reduseringen. Midtbanespiller Simen Hestnes viste frem skuddfoten og klinket ballen i lengste hjørne fra 15-meter. Dermed stod det 2-1.

    Hjemmelaget fortsatte å presse på etter scoringer og skapte flere store muligheter, men nok en gang var det bortelaget som scoret mot spillets gang da Stengel fastslo resultatet til 3-1.

    KFUM
    Foto: NTB
  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal