Brovold, saman med spanske Juan Jose Aramburu og Abdullah Alrashidi låg likt i teten etter dei 125 innleiande skota og dei 25 skota i finalen. Alle hadde 149 treff av 150 mogelege.
Dermed måtte det omskyting til.
Etter ni skot i omskytinga bomma mannen frå Kuwait, og måtte nøye seg med bronse. Brovold og Aramburu trefte også dei to neste duene, men så bomma nordmannen. Aramburu trefte og tok VM-gullet.
På fjerde før finalen
Aramburu var også den einaste med fullt hus - 125 treff - i den innleiande skytinga, men han bomma på det tiande finaleskotet. Ettersom dei to andre skaut fullt i finalen, stod alle tre likt.
Brovold bomma på due nummer 90 i den ordinære skytinga, då han låg på fjerdeplass i den uhyre jamne konkurransen. Elles trefte han prefekt. Bortsett frå 12. skotet i omskytinga.
Dei to andre nordmennene som deltok i VM i Beograd, Tom Beier Jensen og Ole Eilif Undseth, vart munner 42 og 43, begge med 121 treff. Ingen av dei kom til finalen.
Tore Brovold tok
i 2008, også då etter å ha tapt omskyting om gullet, og han tok i 2009.Han har frå før sikra Norge ein kvoteplass i skeet i neste års OL i London.