– Det er moro å kome tilbake til Beitostølen, seier Therese Johaug.
NRK møter henne i løypa der ho gjer dei siste førebuingane før sesongstarten komande helg.
– Det er to og eit halvt år sidan eg gjekk det siste rennet mitt her på Beitostølen. Derfor er det moro å kunne starte på att her og, seier Johaug.
– Eg gleder meg.
Therese Johaug er tent som aldri før etter å ha mista to sesongar og to store meisterskap sidan dopingsaka i 2016.
– Vi tar ingenting for gitt
Karstein Johaug har hatt ein meir eller mindre ufrivillig treningspartnar i den tida systera har vore utestengd. Han seier at Therese er i fin form, men åtvarar dei som trur at ho skal parkere alle konkurrentane når ho no stiller til start igjen.
– Det er ikkje gitt at ho skal kome hit og knuse alle, seier han til NRK.
– Er det sannsynleg at ho er tilbake som verdas beste distanselangrennsløpar til vinteren?
– Ingenting er umogeleg. Vi jobbar for at ho skal kome tilbake der ho var. Men det er mange andre også som er i form. Det er ingenting vi kan ta for gitt, seier Karstein.
Han fortel at ho har tent bra, med unntak av eit lite sjukdomsavbrekk då ho måtte avbryte høgdeopphaldet i Val Senales.
– Ho går og tel ned dagar
– Men forma har vore bra i heile haust.
– Kan det bli mykje armar og bein og stress i dei første renna?
– Neppe meir enn dei første 200 metrane, ler han. – Ho veit veldig godt kva ho skal gjere, så dette går veldig bra. Det betyr at ho gjer det ho kan for å gjennomføre eit godt skirenn, så får vi sjå kva det held til.
Og Karstein veit at systera grugledar seg til comebacket i løypa.
– Spenningsnivået er høgt. Ho går og tel ned dagar. Eg trur ho har ein slags skrekkblanda fryd, seier Karstein Johaug.