Broren om Bajas-Johannes: – Han må takke dama si for den gule trøya

Tarjei Bø meiner broren Johannes Thingnes Bø ikkje blei ein komplett skiskytter før singellivet tok slutt.

Tarjei Bø mener broren ikkje blei ein komplett skiskytter før singellivet tok slutt

FOR FØRSTE GANG I GULT: Johannes Thingnes Bø.

Som 24-åring kan Johannes Thingnes Bø ikle seg den gule leiartrøya etter perfekt skyting i sesongens første verdscuprenn.

Det hadde kanskje ikkje skjedd om Johannes ikkje hadde endra oppførsel, meiner storebror Tarjei Bø.

– Før var han heilt bajas. Han meldte i aust og vest ein periode der. Han har blitt mindre rappkjefta. Eg veit ikkje om det er bra, men det har påverka skytinga. Han er meir roleg når han skal inn og skyte. Han har blitt meir komplett skiskyttar av å bli mindre bajas, seier Tarjei Bø.

Se dagens livesending her:

Fra Østersund

«Maskingevær» på standplass

Som 19-åring kom Johannes Thingnes Bø inn på seniorlandslaget i 2012. Stryningen blei sett på som eit stortalent, og fekk sin første verdscupsiger i 2013. I 2015 kom det første VM-gullet.

Men som pur-ung skiskytter i verdsklasse sleit han med å levere stabile resultat i toppen.

– Som skiskytter var han som dette: Han gjekk fort på ski, var «maskingevær» på standplass, kom seg til mål og meldte at han var den neste stjerna, seier storebror Bø.

Det kjenner lillebror Johannes seg igjen i.

– Om du ikkje heilt følger med på dei riktige tinga så kan fokuset fort gå ut over skytinga.

– Hedda har roa han ned

Tarjei meiner endringa har skjedd etter at singellivet tok slutt i 2015, og at svaret heiter Hedda Kløvstad Dæhli.

– No har treffprosenten auka betrakteleg. Han får takke kjærasten sin (Hedda), som har fått roa han litt, seier Tarjei Bø lattermildt.

Lillebrør Johannes bekreftar at han no er ein ganske annan person enn han var før.

– No har eg blitt rolegare. Eg føler meg voksen og har ikkje behov for å gjøre dei sprella eg gjorde før. No er eg bare interessert i å trene godt og gå gode skirenn. Eg føler nok at eg har vokst litt dei siste åra, seier Johannes Thingnes Bø.

Tarjei og Johannes

HAR ROA SEG: Tarjei Bø meiner den meir voksne utgåva av Johannes Thingnes Bø er tryggare på standplass.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Gul trøye gir superkrefter

Det neste halvåret skal Thingnes Bø kjempe om gull i OL og håpar å bære den gule leiartrøya gjennom heile sesongen - ei trøye den rolege Johannes meiner han får uante krefter av å ha.

– Emil (Hegle Svendsen) og Tarjei (Bø) seier jo det at du får ei slags ekstra styrke av å gå med den. Du er den einaste som bærer den, og dei langs løypa heier kanskje litt ekstra på den som går i gult. Eg kjenner det. Den gir styrke, seier 24-åringen, som er veldig klar over at han bare har vunne ein gang og gått eitt renn i verdscupen.

– Det blir tøft å bli jakta av alle. Om eg ikkje leverer på sprinten så har eg mista den, seier «den nye» Johannes Thingnes Bø.

Siste nytt

  • Jansrud dropper verdenscupåpninga

    Kjetil Jansrud står over verdenscupåpninga i storslalåm i Sölden kommende helg, fordi han har piroritert fartsdisiplinene på trening. – Storslalåmformen ikke er helt der den skal være, sier landslagstrener Christian Mitter til NRK.

    SKI-ALPINE-WORLD-MEN-SUPER G
    Foto: ANDERS WIKLUND / AFP
  • Ustjugov skadet i rulleskiulykke

    Den russiske langrennsstjernen Sergej Ustjugov slo seg kraftig da han falt på rulleski i Val Senales mandag. Tirsdag er han på sykehus for videre undersøkelser av en vond tommel, opplyser Russlands landslagstrener Markus Cramer til NRK.

    Sergej Ustjugov
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • Arsenal tok sin tiende strake seier

    Anført av en svært leken Mesut Özil tok Arsenal sin sjuende strake seier i Premier League da Leicester ble slått 3-1 på hjemmebane mandag. Med tre nye poeng klatret Arsenal opp på fjerdeplass i ligaen med sine 21 poeng.

    Mesut Özil
    Foto: Bogdan Maran / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Sport og musikk: oppdateringer fra Mesterligaen i fotball