Tok X Games-bronse – lovar betre show i OL

Helene Olafsen køyrde inn til bronse i finalen i boardercross.

Helene Olafsen tok en bronse i boardercross under X Games fredag. Finalen fra amerikanske Aspen ser du her. Kommentatorer er Thomas Lerdahl og Tom Hovde.

SJÅ VIDEO: Her ser du bronseløpet til Helene Olafsen (i svart) i X Games i Aspen, Colorado.

– Åh, det er så herleg. Skikkeleg artig. Eg var så gira i dag, seier Olafsen til NRK.no.

Den norske jenta fekk ein god start i finalen og låg som nummer to tidleg i løpet, men falt etter kvart til 3.-plass.

Den heldt ho til mål i den korte traseen i Aspen. Vann gjorde amerikanske Lindsey Jacobellis, medan Eva Samkova frå Tsjekkia tok 2.-plassen.

  • Sjå intervju med Helene Olafsen nedst i saka.

– Digg at eg gjer mykje rett

– Det er kjekt å kjenna at beina er med, at eg kan køyra raskt og at startane mine er betre. Det har eg jobba mykje med, seier jenta frå Oppegård og legg til:

– Digg at eg gjer mykje rett, det lovar godt.

23-åringen har slite mykje med skadar dei siste åra, men no verkar Olafsen å vera attende. Dette var hennar tredje pallplass denne sesongen.

– Det er nesten som eit lite comeback å rekna for Helene, kommenterte Thomas Lerdahl og Tom Hovde.

Dette var den fyrste X Games-medaljen til Olafsen på fem år.

– Medalje var viktig. Eg har to sølv frå før. Ikkje gull eller bronse, så det passa godt med bronse i dag.

– Kva gjer du fram mot OL?

– Eg skal berre ha det kjekt, jobba med hovudet og slappa av. No skal eg ha det artig saman med folk og vener. Så vert det OL – der kan eg lova eit endå betre show!

Veteransiger på herresida

Stian Sivertzen klarte ikkje hamla opp med det sterke heatet i herrefinalen. Nordmannen var sist ut av gaten og klarte aldri å ta igjen forspranget og vart nummer seks.

– Me hadde nok forhåpningar om medaljar, men me skal ikkje klaga, konkluderte Lerdahl og Hovde.

Amerikanske Nate Holland tok sin sjuande siger i X Games.

– Utruleg imponerande at han klarar å stå i mot presset, sa Lerdahl.

Holland låg som nummer fem før siste sving, men køyrde seg altså heilt til topps.

Alex Tuttle sikra dobbelt amerikansk, medan tyske Konstantin Schad tok 3.-plass.

Sivertzen ligg på 3.-plass i verdscupen.

Helene Olafsen var meget godt fornøyd med bronsen hun fikk i boardercross under X Games i Aspen fredag. NRKs reporter: Kristine Norvik Skeide.

Sjå intervju med Helene Olafsen.

Siste nytt

  • Landslaget ga seerrekord

    667 000 seere i snitt så Norge avansere til kvartfinalen i VM lørdag kveld. På det meste var det 895 000 seere som fikk med seg dramaet mot Australia, det er ny rekord. Ingen fotballkamp på norsk TV har gitt høyere seertall i år.

    Fotball VM-kvinner 2019, åttenedelsfinale Norge-Australia 1-1, 5-2 etter straffespark.
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • G19-troppen til EM i Armenia

    Landslagstrener Gunnar Halle presenterte mandag troppen til sommerens G19-EM i fotball. Der er blant andre, Colin Rösler og Edvard Sandvik Tagseth. EM arrangeres i perioden 14. til 27. juli. Norge er i gruppe med Tsjekkia, Irland og Frankrike.

    Gunnar Halle
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Real: - Vi selger ikke Ødegaard nå

    Real Madrid skal ha gitt Bayer Leverkusen beskjed om at klubben ikke har noe ønske om å selge Martin Ødegaard i sommer.

    Dermed er en utlånsavtale det mest sannsynlige. Det bekrefter den tyske storklubbens sportsdirektør Simon Rolfes overfor storavisen Bild.

    Martin Ødegaard
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal