– Fire bom er ein totalt mental sprekk. Har ikkje så mykje meir å sei. Eg var ikkje til stades i det heile. Trakk av før eg sikta, sa Bjøntegaard til NRK etter målgang.
Alt ved vekslinga med Johannes Dale vart det utfordringar og det såg ut som at han ikkje fekk med seg at lagkameraten kom inn til veksling.
– Eg var tydelegvis ikkje våken. Utruleg kjedeleg, og er veldig lei meg, sa Bjøntegaard.
Men brørne Bø leverte både på standplass og i sporet. Og til slutt kunne Johannes Bø spurte inn til siger føre Tyskland.
– Dette er noko av det artigaste eg har vore med på, sa Tarjei Bø og smilte frå øyre til øyre.
Og veslebror Johannes var minst like glad etter nok ein sterk prestasjon i løypa, sjølv om det kosta på slutten.
– Eg var heilt ferdig. Det er berre hjernen som heng seg på stavane over siste kulen. Og då skjønte eg at dette kunne gå, fortalde Johannes.
Full kollaps på skytinga
Norge starta eigentleg stafetten godt då Johannes Dale leverte fullt hus på sine to skytingar på den første etappen. Han gjekk også godt i sporet. Dermed kunne han sende Erlend Bjøntegaard ut i leiinga før Frankrike og Canada.
Både Frankrike, Sverige, Russland og Tyskland bomma grovt på den første skytinga, men henta seg inn att på den ståande skytinga.
Men i det alt gjekk på skjener for Norge blei det total kollaps på Bjøntegaard på første skyting. Fire bom og ein strafferunde snudde raskt opp ned på resultatlista. På ståande skyting måtte han nytte seg av to ekstraskot.
Han gjekk ut frå standplass 40 sekund etter teten.
– Det har vore mange konkurransar no. Eg har ikkje ei kjempegod forklaring. Eg var ikkje meg sjølv på skytebana, svarte Bjøntegaard.
Tarjei Bø skaut perfekt på første skyting og tok rakst opp jakta på teten. Johannes var rundt 40 sekund bak Tyskland ut på siste etappe. Han leverte feilfri skyting på liggande. På siste skyting bomma Tyskland, men det gjorde også Bø. Men han leverte i sporet og kunne gå først over målstreken etter å ha henta meter på meter på kvart stavetak.
– Eg drøymde om å ta han att. Eg henta fem sekund på rundane, men trudde at 13 sekund kanskje var litt mykje.
Etter at sigeren var sikra var det også ein letta Bjøntegaard som feira og takka sine lagkompisar.
– Eg er heldig som får vere på lag med desse tre gutane som gjere fantastiske etappar. No er brått ting litt betre.
Dette var den andre stafettsigeren til dei norske skiskyttarane i år. Dei vann suverent over Frankrike i den første stafetten i Östersund tidlegare i vinter, slik dei også gjorde under VM i skiskyting i mars i fjor.