NRK Meny
Normal

Vikings «supersub» avgjorde mot Molde

Molde gjekk på sitt første heimetap på nesten eitt år då gjestene frå Stavanger vann 1-0 over Ole Gunnar Solskjærs menn.

Viking-jubel

BORTESIGER: Her jublar Viking etter at Mathias Bringaker har scora i Molde

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Målet kom som avslutning på eit fint angrep 20 minutt før full tid. Zyman Bytyqi spela fint fram Claes Krohnborg på høgresida, og Krohnborgs innlegg til ein umarkert Mathias Bringaker var perfekt. 19-åringen hadde lett match med å setje inn kampens einaste mål..

Bringaker er Vikings super-reserve. Han kom innpå som innbytar for sjuande gong denne sesongen, og har no scora fire seriemål for Stavanger-klubben.

– Dette var utruleg godt. Bortesigeren her var sjukt viktig, seier Bringaker.

– Dette kan bli bra utover hausten. Poenga borte mot Molde var utruleg viktige, seier matchvinnaren.

Lovar Bringaker meir speletid

Viking-trenar Kjell Jonevret var glad etter ein god bortekamp mot klubben han sjølv trena for nokre år sidan.

– Vi skulle hatt ballen meir, men det kjendest bra. Det såg kanksje litt farleg ut på slutten, men det kjendest som vi hadde bra kontroll, seier Jonevret.

Om sin superinnbytar har han dette å seie:

Vi har berre to reine angriparar att. Mathias kjem til å spele meir framover, både frå start og som innbytar.

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær såg sitt lag ha mykje ball, men at dei mangla sting i angrepet.

– Vi manglar det siste framfor mål, kunne Solskjær konstatere.

Første omgang inneheldt sparsamt med sjansar. Vikings Zyman Bytyqi hadde den største, men Molde tok etterkvart det spelemessige overtaket. Noko fyrverkeri var omgangen slett ikkje.

Heller ikkje andreomgangen starta eksplosivt. Men etter scoringa forstod Molde alvoret og auka presset. Mattias Moström var ein konstant trussel, og hadde ein stor sjanse til utlikning ti minutt før slutt. Og det var stadig vekk nære på i sluttminutta.

Men Viking heldt unna. Og Molde tapte heime for første gong sidan 18. juli i fjor, etter 12 kampar utan tap.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Manchester City til ligacupfinale

    Manchester City er klar for sesongen første finale etter å ha slått Bristol City 3-2 tirsdag og 5-3 sammenlagt i ligacupens semifinale. I finalen på Wembley 25. februar er det vinneren av londonderbyet mellom Arsenal og Chelsea som venter.

    Joseph Pep Guardiola
    Foto: Stuart Franklin / Bongarts/Getty Images
  • Snøball mot Kristoffersen

    Henrik Kristoffersen raste etter at noen i publikum kastet en snøball på ham i 2. omgang i slalåmrennet i Schladming. Nordmannen endte nok en gang på andreplass bak Marcel Hirscher.

    ddd
  • Phil Neville overtar England

    Phil Neville er ansatt som ny sjef for Englands kvinnelandslag i fotball, med har en avtale som gjelder til EM-sluttspillet i 2021.

    Det opplyste Englands fotballforbund tirsdag. 41-åringen har en lang spillerkarriere bak seg i Manchester United, Everton og på Englands landslag.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Slalåm, menn