NRK Meny
Normal

Brennheit Ødegaard sendte U21-gutta til EM-omspel

Martin Ødegaard blei den store helten då han skåra sine to første landslagsmål, og assisterte til det tredje. Med ein sterk 3-0-siger sikra U21-landslaget dermed EM-omspel.

Mohamed 'Moi' Elyounoussi

EM-HÅP: U21-landslaget kan fortsatt ta seg til EM neste år.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

U21-landslaget overbeviste i den siste gruppespelskampen i kvalifiseringa til EM neste år.

Dei klarte det Norges A-landslag ikkje klarte i helgas 0-1-tap mot Aserbajdsjan, nettopp å sette ballen i motstandarens nett. Heile tre gonger måtte Kasaksthan-keeperen hente ballen ut av målet.

Og det var ein 17-åring med kontrakt i Real Madrid som langt på veg gjorde jobben for Norge.

Laster Twitter-innhold

– Tunge tider for A-laget

Og akkurat det er toppfotballsjef Nils Johan Semb glad for å sjå.

– Det var veldig gøy. Han har fine finesser, spelar fram andre, og skårar også mål. Han vil konkurrere om uttak på øvste nivå, seier Semb til NRK.

Det var også TV2-kommentator Jesper Mathisen enig i etter kampslutt.

– Han var banas gigant.

Semb er også tydeleg letta for å få eit lite lyspunkt i ein elles mørk landslagskvardag.

– Det er ein veldig god generasjon, og det lovar godt for framtida. I desse tunge A-lags-tider er det lov å vere optimistisk.

Klar for omspel

Etter 2-1-sigeren mot Sveits i forrige veke var håpet om å bli blant dei fire beste toarane i gruppespelet tent. Med siger i dagens kamp mot Kasaksthan kunne U21-landslaget sikre seg omspel i kampen om å nå EM i Polen i 2017.

Norge dominerte den første omgangen mot Kasaksthan, utan å komme til dei store sjansane. Fleire gonger hadde Norge ballen inne i motstandarens 16-meter utan å komme til skot.

Vertane kom meir og meir med utover i omgangen, men truga aldri Rossbach i Norge-målet.

Laster Twitter-innhold

Bølga att og fram

Medan den første omgangen var prega av få sjansar, byrja den andre omgangen heilt motsett.

Norge hadde fleire store sjansar før Matin Ødegaard til slutt fekk hol på byllen. 17-åringen fekk ballen på hjørnet av 16-meteren, dribla seg ned til dødlinja, og skaut ballen hardt mot mål.

Den gjekk mellom beina på Kasaksthan-keeperen, og drammenseren kunne juble for sitt første landslagsmål.

Rett etter målet fulgte fleire store sjansar for begge lag, og det kunne fort ha komme fleire mål.

Men då Ødegaard spelte Ghayas Zahid gjennom i det 68. minutt, var han sikker åleine med keeper, og sette inn 2-0.

Ødegaard fekk også æra av å sette spikaren i kista, då han snappa opp ballen på 16-meter, runda keeper, og trilla ballen i mål i det 85. minutt.

U21-laget har to gonger før vore i EM-sluttspelet. Det var i 1998 og 2013. I begge meisterskap tok dei bronsemedalje.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Krusjelnitskij dropper CAS-høring

    Alexander Krusjelnitskij møter ikke til CAS-høring i sin dopingsak torsdag. Curlingutøveren mener utfallet er gitt ettersom det foreligger positive prøver. Han spilte på OAR-laget som slo Norge i bronsekampen i mixed double.

    Aleksandr Krusjelnitskij
    Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters
  • Høyring curling-dopingsaka torsdag

    Den internasjonale idrettsdomstolen CAS melder i dag at høyringa i dopingsaka mot den rusiske curlingspelaren Aleksandr Krusjelnitsjki tek til i morgon kl 06, norsk tid.

    Han har avgitt positiv dopingprøve. Om han blir dømd, kan OUR miste bronsen i miks-double, som Norge i så fall vi få i staden.

    Aleksandr Krusjelnitskij
    Foto: CATHAL MCNAUGHTON / Reuters
  • Kristoff spurtet til seier

    Ingen kunne gjøre noe med Alexander Kristoff spurtet til seier foran italienske Andrea Guardini på den første etappen av Abu Dhabi Tour

    – En herlig seier for meg og laget. Jeg vil takke lagkameratene mine for hjelpen. Det er en god følelse å åpne rittet med å vinne, sa Kristoff etter etappen.

    Alexander Kristoff
    Foto: PHILIPPE LOPEZ / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL-magasin
OL-profiler: Johannes Høsflot Klæbo