Hopp til innhold

Maktdemonstrasjon av Sagan - heltemodig innsats av Breen

Vegard Breen var nær siger på dagens etappe av Tour de France. Nordmannen var lenge med i brotet, men holdt ikkje heilt inn. Peter Sagan vann til slutt spurten.

CYCLING-FRA-TDF2016-BREAKAWAY

I BROT: Vegard Breen sat i brotet som blei henta inn rett før mål

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

Peter Sagan vann spurten etter at brotet til Breen blei henta rett før mål. Der var slovaken overlegen, og leika seg til siger.

Med det overtek han også både den grønne og gule trøya.

– Det er første gong i livet mitt med gul trøye. Det er heilt utruleg, sa Sagan i sigersintervjuet.

France Cycling Tour de France

OVERLEGEN: Ein skikkeleg maktdemonstrasjon av Peter Sagan førte til både gul og grøn trøye.

Foto: Peter Dejong / Ap

Sagan sjølv var ikkje klar over at han vann før etter han kom i mål.

– Eg er overraska over at eg vann. Eg trudde det var to til framfor meg. Men so byrja folk å sei at eg vann.

Og det såg lenge ut til å bli brotsiger på den andre etappen av Tour de France.

Fortuneo-Vital Concept-rytteren Vegard Breen gjekk kom seg tidleg med i eit firemannsbrot. 26-åringen frå Eidsvoll, som er debutant i Tour de France, har to sigrar i UCI-ritt med seg frå før. Den siste kom i Ronde de l'Oise 2013.

– Det var kjedeleg å bli teken att. Det kom nokre glosar då, seier Breen.

– Ingen saft igjen i beina

Hovudfeltet viste lenge ingen initiativ til å ta inn leiinga, som på det meste var oppe i seks og eit halvt minutt. Med seg i brotet hadde Breen Cesare Benedetti, Paul Voss og Jasper Stuyven.

CYCLING-FRA-TDF2016-BREAKAWAY

IMPONERTE: Vegard Breen imponerte i dagens etappe av Tour de France.

Foto: JEFF PACHOUD / Afp

– Eg hadde trua på at det skulle gå inn. Eg køyrte hardt i heile dag, og prøvde å holde unna.

Før start, hadde Breen ein klar tanke om kva han skulle på dagens etappe.

– I dag er planen brot

Det hadde vore planen til Breen i fleire månadar.

– Løypene blei lagt ut for nokre månader sidan, og eg blinka meg ut denne etappen. Det kunne vere moglegheiter til siger. Det sa Breen til TV 2 rett etter målgang.

– Det tok tid før hovudfeltet byrja å køyre, og me var dumme nok til å tru at me hadde moglegheiten til å halde inn.

Og den heltemodige innstasen set nok spor for nordmannen.

– Eg kjem til å kjenne denne i eit par dagar. No er det ikkje meir saft igjen i beina.

Tok det rolig siste bakken

Alexander Kristoff seier til TV 2 at han raskt slo frå seg tanken om å kjempe om sigeren opp den siste bakken. Han prøvde heller å hjelpe lagkamerat Joaquin Rodriguez, samt spare krefter.

– Eg køyrte roleg siste bakken, har spart bittelitt krefter. I morgon er eg klar.

Korkje Edvald Boasson Hagen, Sondre Holst Enger eller Alexander Kristoff nådde heilt opp i spurten.

Siste nytt

  • Medier: Rashford i bilulykke etter Burnley-seieren

    Flere engelske medier melder at Manchester Uniteds Marcus Rashford var involvert i en bilkrasj etter seieren mot Burnley lørdag kveld.

    Ifølge Daily Star skal Rashford først ha tatt buss med laget til klubbens treningsfelt, før han krasjet å vei ut av treningsanlegget.

    Rashford skal ha kommet seg uskadet unna ulykken.

    Britain Soccer Man United Rashford
    Foto: Jon Super / AP
  • Ruud sørget for Europas første poeng i Laver Cup

    Etter en miserabel start for Europa-laget i Laver Cup bidro Casper Ruud med et lyspunkt med seier 7-6, 6–2 over amerikanske Tommy Paul.

    Første sett, som strakte seg over nesten én time, ble jevnt og gikk til tiebreak, som Ruud til slutt vant 8–6. I andre sett fikk nordmannen en noe lettere reise, og vant settet 6–2.

    Ruuds seier ga Europa to poeng, og stillingen i Laver Cup er dermed 2–6.

    Casper Ruud gliser etter Europas første seier i årets Laver cup.
    Foto: DARRYL DYCK / AP
  • Verstappen vant igjen - nærmer seg VM-tittelen

    Max Verstappen tok sin seier nummer 13 av 16 mulige i årets formel 1-sesong da han lekte seg med konkurrentene i Japan søndag.

    Red Bulls Verstappen vant foran McLarens Lando Norris. Sistnevnte hadde rundt 20 sekunder opp til vinneren. Oscar Piastri ble nummer tre og havnet på pallen for første gang i karrieren.

    Den regjerende verdensmesteren fra Nederland startet i beste startspor og ledet løpet fra start til mål.

    Verstappens triumf gjorde også at Red Bull sikret seg kontruktørmesterskapet med seks runder igjen av sesongen.

    Verstappen kan selv allerede bli verdensmester i neste VM-runde. (NTB)

    Max Verstappen på podiet etter seieren i Japan.
    Foto: ISSEI KATO / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Insekts-«buzz» i Formel 1 00:46
Neste